Bruk pennen – lær meir!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik lærer du mest

Er du ein student som no sit med siste innspurt før eksamen, kan du kanskje merka at du ikkje kjenner att noko av dei enorme notata du tok i forelesinga. Kva ereigentleg alt dette?

Psykologane Pam Mueller og Daniel Oppenheimer ved Princeton University og University of California (UCLA) har komme fram til at du faktisk lærer meir ved å halda deg til det gode, gamle – penn og papir.

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

Ikkje berre distraksjon
Det virkar kanskje sjølvsagt at ein laptop med tilgang til Internett kan vera ein enorm distraksjon – Facebook har jo ofte meir freistande nytt enn tankane til Immanuel Kant. Men det er ikkje berre distraksjonen som speler inn, ifølgje Mueller og Oppenheimer. I deira prosjekt såg dei på effekten av laptopar utan nett-tilgang.

– Laptop-brukarar sin tendens til å transkribere ei forelesing framfor å faktisk bearbeida informasjonen med eigne ord er hemmande for læringa, heiter det i samandraget av forskingsrapporten.

Rapporten består av tre ulike studie på amerikanske studentar.

LES OGSÅ: Lesevanskar = trygdemottak?

Med eigne ord
Årsaka til fordelen pennebrukaren får, er altså at ein vert tvungen til å bearbeida stoffet undervegs. Med ein penn i handa rekk ein rett og slett ikkje å skriva ned alt som vert sagt, og difor må ein trekka ut det viktigaste og gjera det om til korte, konkrete setningar.

Det skal understrekast at når det kom til reine faktaopplysingar, var skilnaden liten mellom PC og penn. Men når det kom til meir bearbeida kunnskap – som å drøfta kva Kant tenkte på – sprang studentane med penn ifrå.

Ulempe med PC

Den avsluttande testen i prosjektet viste og at det er vanskelegare å friska opp kunnskapen når den blir notert og pugga på ein PC-skjerm. Studentane som deltok såg ei kort forelesing, og noterte undervegs. Ei veke seinare kom dei tilbake, og skulle testast med ti minutt førebuing. Då var det berre dei med papirblokka som hadde noko nytte av førebuinga.