Brit til Ungdomens storting

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Stortinget har bestemt at det skal opprettast eit ungdomsparlament, Ungdomens storting, der born og unge skal bli høyrt, og kan vere med å påverke.

Det er Stortinget sitt presidentskap som har teke initiativet til å danne eit ungdomsparlament, og det er stortingspresidenten som har sendt ut invitasjon til ungdom i alle fylker.

Den fyrste samlinga er eit førebuande Ungdomens storting som skal kome med innspel til det vidare arbeidet med å utvikle eit ungdomsparlament som skal vere på plass i 2013.

Saman med Knut-Erik Kjøge frå Nord-Fron er Brit Holø frå Skjåk plukka ut frå Oppland fylke til å delta på førebuingssamlinga på Stortinget måndag og tysdag neste veke, for å vere med å påverke korleis Ungdomens storting skal vere i framtida.

Båe ungdomane er aktive i Ungdomens fylkesting (UFT) for Oppland, der Brit er leiar. I alt møter 38 ungdomar frå heile landet på Stortinget neste veke.

– Eg tykkjer det er positivt at Stortinget nå har vedteke at det skal opprettast eit eige ungdomsparlament. Slik det er nå så er det så langt frå fylket til å få ting nasjonalt. Vi har messom ikkje eit organ å bringe ting vidare til, men det får vi nå når eit ungdomsparlament kjem på plass, seier Brit Holø.

Ho meiner det blir mykje lettare for ungdomen å påverke nasjonalt nå som dei får eit slik organ. Den engasjerte 17-åringen frå Skjåk er kjempeglad for at ho får vere med på å opprette Ungdomens storting.

– Dette ser eg verkeleg fram til. Og eg blir nå liksom historisk på ein måte også nå da, smiler Brit Holø.

Det blir to spennande dagar på Stortinget for Brit og dei andre ungdomane måndag og tysdag neste veke. Måndag samlast ungdomane på Stortinget der dei får jobbe med forslaga dei ynskjer å fremje. Tysdag blir det debatt med statsrådar og stortingsrepresentantar.

LES MEIR OM UNGDOMENS NASJONALFORSAMLING!

I samlinga neste veke vil det diskuterast spørsmål knytt til ungdom, medverning og demokrati, og Brit fortel at ho og fylkestingkollegaen frå Nord-Fron har førebudd seg på den måten at dei vil fortelje dei andre kva saker dei har drive med den siste tida, og kva saker dei held på med nå.

– Nå i desse dagar jobbar vi med rus, og det vil vi presentere for dei andre som deltek på Ungdomens storting. UFT har kome fram til seks konkrete forslag til arbeid mot rus som vi har presentert til Fylkestinget med positive attendemeldingar.

Etter at samlinga neste veke er slutt, vil forslaga og innspela frå dei unge deltakarane samanfattast i ein erklæring. Denne vil så bli overlevert Stortinget sitt presidentskap.

Debatten mellom ungdomane og stortingsrepresentantar som skal gå føre seg på Stortinget heile tysdagen, vil bli overført på Stortinget sin nett-tv.

LES SAKA I FJUKEN!

Kva saker meiner du burde bli tatt opp i Ungdomens storting?