Breane smeltar framleis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem av breane er uendra, medan fire har vorte større i 2012.

Størst tilbakegang har Bødalsbreen i Stryn med 110 meter, Storsteinfjellbreen i Narvik med 69 meter og Brenndalsbreen i Stryn med 65 meter.

Tilbakegangen er i snitt om lag som i perioden 2008 til 2011, men mindre enn i perioden 2003 til 2007. Variasjonen mellom breane er stor – dei bratte brearmane på vestsida av Jostedalsbreen har trekt seg tilbake 400– 600 meter dei siste åra, medan breane i Jotunheimen berre har trekt seg tilbake 50 til 100 meter.

Dei førstnemnde, bratte breane har gått tilbake meir enn det som svarer til ein framstøyt på 1970- og 90-talet, medan dei fleste breane i Jotunheimen har trekt seg tilbake i over 100 år.

Mindre enn på mange år
Dei fleste breane i Noreg er no mindre enn dei har vore på fleire hundre år. Av breane med lange måleseriar er det berre Nigardsbreen på austsida av Jostedalsbreen som framleis ikkje har blitt mindre enn før framstøyten. Men om tilbakegangen fortset vil han òg passere den grensa om eitt eller to år.

Rundt Jostedalsbreen har åtte av ti målte brear trekt seg tilbake. Bødalsbreen og Brenndalsbreen i Stryn gjekk altså mest tilbake med høvesvis 110 og 65 meter. Desse breane har trekt seg tilbake 470 og 620 meter sidan år 2000, og er no lengre tilbake enn på 1960-talet.

PRØV DEG PÅ DEN STORE KLIMAQUIZEN!

Framgang og uendra
To brear viste framgang. Målingar ved Vetle Supphellebreen i Fjærland viste ein framgang på 13 meter etter at målingar der vart igangsett i 2011. Bøyabreen, også i Fjærland, har hatt tilvekst til den nedre bretunga som følgje av rasaktivitet.

Ved Folgefonna har Buerbreen i Odda smelta tilbake 4 meter i 2012, og 285 meter sidan 1998. Ved Hardangerjøkulen viser målingane ved to brear inga endring. Rembesdalskåka i Eidfjord har smelta tilbake 349 meter sidan det siste breframstøyten stoppa i 1997. Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik har gått tilbake 155 meter sidan 2001. (©NPK)

Sjekk siste klimanytt her!