– Bransjen er ikkje død

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Køen står ut døra på Sotra Arena. Det er duka for Offshore Technology Days (OTD) 2014, ein møteplass for alle tilknytt olje- og gassindustrien i Noreg. Vel inne openberar det seg stands, teknologiske duppedingsar og oransje kjeledressar.

Den siste tida har vore prega av nedgang innan olje- og gassbransjen, og færre sivilingeniørstudentar enn i fjor fekk jobb før endt studium. Sidan i sommar har oljeprisen falt frå rundt 115 til 80 dollar per fat, og fleire bedrifter har måtte gjere store kutt. Dette har skapt usikkerheit i heile bransjen.

LES OGSÅ: Kamp om karrierane

Nedgang, men ikkje krise
Sjølv om media skrik om krisetider, er det god stemning på OTD denne dagen. Rundt 500 utstillarar og 27 000 besøkande er innom i løpet av to dagar. Eirik Solheim Vårdal er ein av dei besøkande, og er geologistudent ved UiB. Han har nettopp vore på eit foredrag om undervannsteknologi, eit av mange tilbod til studentane på oljemessa.

– Eg er her for å få inntrykk av kva bedrifter som finst, og kor det er mogleg å få jobb, seier Vårdal.

Ei stund ut i første messedag leiar Helge Keilen frå Offshore Media Group eit seminar kalla «Dead or Alive». Seminaret handlar om framtida og utviklinga av den norsk oljebransjen, som Keilen har lang fartstid i. Han har sett nedgangstider før.

– Det har vore fire store nedturar dei siste 32 åra, og alle gonger har dommedag blitt spådd, seier Keilen.

I løpet av ein god time snakkar han med fleire veteranar innafor oljebransjen, på hovudscenen i lokalet. Siviløkonomen Morten Walde, president og CEO i Beerenberg Corp. AS informerer om at vi har hatt ein nedgang i oljeprisen på 20 prosent dei siste tre månadane. Likevel ser det ut til å vere generell semje om at vi ikkje kan snakke om ei krise i dagens marknad.

– Fasen no er ein korreksjon på fleire år med kraftig framgang, slår Walde fast.

LES OGSÅ:Kvar gong Cecilie er på jobb tener Noreg millionar

Ikkje bekymra
Studenten Eirik Solheim Vårdal fortel at det for to-tre år sidan var mangel på geologar, men at det ikkje lenger er slik. Dette er Atle Sundøy frå Inventura AS einig i.

– Dei som er ferdig utdanna oljegeologar no har eit problem. Dei er uheldige med timinga, seier Sundøy.

Så kjem det uunngåelege spørsmålet: Er studenten bekymra over dagens låge oljepris, og si eiga framtid?

– Oljeprisen har vore høg før, og den kjem nok til å stabilisere seg. Marknaden svingar veldig fort, seier Vårdal, som vel å høyre på det positive ekspertane rundt han seier.

Saka var først publisert i Studvest.