Brann seg fast

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er no som det er kaldt, at det er verkeleg fint å fotografere. Ingenting er betre enn å sjå på eit kaldt bilete i ei varm stove, fortel fotograf Thomas Mørch frå Nesbyen i Hallingdal. Han brukar mest alle fridagar ute i naturen, helst dreg han ut grytidleg om morgonen.

– Når sola går opp, då er det magisk – lyset er perfekt. Det nok då eg likar meg best.

Sjølvlært
Thomas byrja fotografere i 3. klasse på vidaregåande, og det var medielinja som gav tilgang på kamera. Fyrst knipsa han kameratar på ski og brett, etter kvart sende han inn bilete til lokalavisa Hallingdølen, og i 2010 vart han kåra til ”Årets ungdomsfotograf” av Norsk Selskap for Fotografi.

– Eg føler eg byrja seint. Men då eg oppdaga fotografering vart det ei hovudinteresse, som brann seg fast.

Thomas har ikkje gått på kurs og ser lite på arbeida til andre fotografar. For han handlar fotografering om å kapsle situasjonane han ser.

– Alt er sjølvlært, men som fotograf er ein aldri ferdig utlært. Sjølv om eg aldri har deltatt på kurs, så har eg faktisk halde mange. Eg har vorte spurt, takka ja og tenkt at eg lærer undervegs, forklarar han.

LES OGSÅ: Verdas beste naturfoto

Vassfaret
For Thomas heng fotointeresse sterkt saman med forholdet til naturen. Aller best likar han seg i Vassfaret, landskapsvernområdet mellom Valdres og Hallingdal. I fotspora til forfattar Mikkjel Fønhus, med utsiktspunkt der ein korkje ser bilar eller hytter, og årstidene skiftar.

–  Å fotografere ute er like moro kvar gong, gjerne på ein ny stad. Eg set pris på samspelet i naturen, den lever sitt eige liv, forklarar Thomas, som gjerne knipsar ørn,  tiurleik og orrhaneleik.

LES OGSÅ: Ta bildet no, still skarpt seinare

Bilete ingen har sett før
Dei fleste oppdraga er bryllaupsfotografering. Som fotograf set Thomas pris på kombinasjonen – action, portrett og natur.

– Det handlar om å ta bilete ingen har sett før. Eg likar ikkje å planlegge for mykje, og dei beste bileta kjem gjerne på sparket, seier han. Kameraet er stort sett med uansett kor han er, og slik vert det mange fotodagar på eit år.

LES OGSÅ: Verdas største fototevling

Rovdyr og Svalbard
Sjølv om Thomas likar å fotografere i heimtraktene, om det er Hemsedalsfjella eller Vassfaret, er Svalbard eit av områda han drøymer om å kapsle gjennom linsa.

– Å fotografere isbjørn er nok den største draumen. Så er det eit heilt spesielt lys heile døgnet, slik er nok Svalbard alle naturfotografars draum, forklarar han. Å fotografere alle dei fire store rovdyra – bjørn, ulv, gaupe og jerv – ute i det fri, er også ein av draumane for framtida.

I tillegg til fotografverksemda, jobbar Thomas ved Bjørneparken i Flå. Å verte fotograf på heiltid er ingen umiddelbar draum, i alle fall ikkje å halde til i eit studio.

– Eg kunne kanskje tenkt meg å vera ein fotograf som reiser rundt i verda. Men det viktigaste er å halde fram å prøve ut eigne idear, så eg tek det som det kjem, avsluttar fotografen.

Faktaboks

Thomas tips til unge fotografar
1. Prøv å tenkje litt annleis. Stol på din eigen kreativitet.
2. Tenk komposisjon. Bruk meir tid på kva som er i søkjaren, før du trykkar.
3. Ta bilete når du har minst lyst ut, det er då du vert mest overraska.
4. Bruk minst mogleg blits. Sjølv om det er utfordrande, vert resultatet best om du maktar å få fram det naturlege lyset.
5. Stativ er eit must. I alle fall om du tenkjer å fotografere ute i anna enn dagslys, for slik kan du fange opp lyset i kameraet.
6. Utstyr er ikkje avgjerande. Nikon eller Canon – diskusjonane er tull og dei må ein berre gje opp.
7. Lær deg kameraet ditt 100%. I Noreg har bruksrettleiingar eit ufortent dårleg rykte.
8. Du lærer best av å feile.
9. Utforsk, utforsk, utforsk. Det handlar om å lære seg ting sjølv, og våge å køyre sitt eige løp.
10. Gjer det du kan, med det du har, der du er. Men å fotografere tidleg om morgonen fungerar alltid bra.