Bråk ca twenty four seven

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste bryr seg ikkje om desse klagene. Mange ler av dei sure naboane.

Vel, eg er sjølv ein av dei som bur midt i ein ganske stor by der det blir arrangert ein festival midt i byen. Og folk skulle berre visst kor irriterande det er. Folk burde først sette seg inn i omfanget av dette, før dei gir seg til å le av oss.

For det er ikkje snakk om ein konsert. Neidå, det er mange konsertar. Og det varer ikkje berre ein dag. Eller to. Nei då. Fire dagar varer det. Fire dagar på rad. Det betyr at det berre er trehundreogsekstiein dag igjen med ro og fred per år. Trehundreogsekstito viss det er skotår.

Okei då. Konsertane pågår ikkje heilt døgnet. Det er stille etter elleve om kvelden. Og på formiddagen. Så om du tel timar, så varer vel festivalen nærmare to og ein halv dag enn fire. Men likevel: Det betyr at det berre er ro og fred her trehundreogsekstito og ein halv dag i året, eller trehundreogsekstitre og ein halv dag, viss det er skotår.

Og det er då eg spør: I gjennomsnitt trehundreogsekstitre rolige dagar i året, er det verkelig alt vi skal få, vi som har valt å bu midt i ein ganske stor by? Fortener vi ikkje meir? Er ikkje liva våre verd noko som helst?

Og så kan ein sjølvsagt seie, og det er det heilt sikkert nokon som seier no, at om ein ikkje liker folk og bråk, så er det kanskje ein dårlig idé å busette seg midt i ein ganske stor by. Då bør ein kanskje flytte ut av byen.

Til det har eg dette å seie: Det har eg faktisk prøvd. Og det var ikkje mykje betre. For ei tid tilbake flytta eg til ei koie i skogen, langt frå folk, milelangt frå nærmaste tettstad. Rundt hytta var det berre tre. Tre på tre på tre på tre. Og eit lite vatn eit stykke unna.

Og det var jo dritkjedelig. Der skjedde det ingenting!

Den første dagen stod eg opp og gjekk ut for å få meg ein kaffi. Men det var jo heilt umulig. Fanst det ein kafé der? Nei. Ein kaffibar? Nei. Ein butikk, kanskje? Nei. Ingenting. Berre tre. Tre på tre på tre på tre. Og eit lite vatn eit stykke unna.

Det same gjentok seg gong etter gong. Eg fekk lyst på ein øl ein kveld. Fanst det ein pub i nærleiken? Nei. Ein bar? Nei. Ein tirsdagskveld fekk eg lyst til å danse. Fanst det ein aldri så liten klubb i denne skogen? Nei. Ikkje eingong det. Klokka halv fire ei natt fekk eg veldig lyst på ei pølse med brød og rekesalat, så eg gjekk ut. Det måtte då i det minste vere ein Seven Eleven i denne fordømte skogen? Eller ein døgnopen bensinstasjon? Men nei.

Ingenting. Ikkje eit einaste tilbod fanst det der. Ikkje kino. Ikkje treningssenter. Ingen restaurantar. Berre tre på tre på tre på tre. Og eit lite vatn eit stykke unna.

Og det var då eg spurde meg: Skal vi verkelig ikkje få nokonting, vi som har valt å busette oss i utkant-Norge? Fortener vi ikkje meir? Er ikkje liva våre verd noko som helst?

Og så kan ein sjølvsagt seie, og det er det heilt sikkert nokon som seier no, at om ein vil ha masse tilbod og kafear og restauratar og klubbar, då bør ein kanskje flytte til ein by.

Men det var jo akkurat det eg gjorde!! Og her er det jo musikkstøy frå denne fordømte festivalen twenty four seven. Eller, ikkje twenty four seven, for festivalen varer som sagt i fire dagar, ikkje sju, og ikkje heile døgnet. Men det er musikkstøy ca nine four!

Så no har eg valt å flytte til ein annan by, og eit stykke utanfor sentrum, til eit roligare strøk ganske nært eit stort grøntområde som i følgje kartet blir kalla Brann Stadion. Det må vere det beste frå begge verdenar. Eg kan nyte bylivet i vekedagane og kanskje ein og annan laurdagskveld. Og så kan eg slappe av og ha det heilt stille og rolig på søndag. Viss det viser seg at det er noko som helst slags lyd, synging eller noko anna i dette området på søndagar, då klikkar det for meg.