Borar for miljøet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg balanserer rollene som leiande miljønasjon og petroleumsmakt. Det er ein krevjande balansegang. Éin av metodane for å halde oss på lina er å gjere nytte av vår russiske nabo sitt frynsete miljørykte.

Omstridde nordområde

Debatten rasar om Noreg skal utvide si olje- og gassverksemd i nordområda eller ikkje. Onsdag blei det kjent at fleirtalet i programkomiteen til Arbeidarpartiet går inn for å opna for leiteverksemd i områda nær Russland, og ei konsekvensutgreiing i dei uopna områda i Lofoten og Vesterålen.

Med dette trassar fleirtalet i programkomiteen AUF og kravet til sju av Noregs miljøvernorganisasjonar om oljefrie nordområde.

– Vi krev at Olje- og energidepartementet følgjer tilrådingane til staten sine eigne miljøfaglege etatar, nemleg å unngå miljø- og klimaskadeleg petroleumsaktivitet i dei sårbare nordområda, seier Ina Bjørnrå i Natur og Ungdom og Sigurd Enge i Bellona på vegne av dei sju organisasjonane, på Bellona sine nettsider.

Samstundes held konskvensutgreiingane for delar av nordområda fram. Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) uttalte til Dagens Næringsliv at det skal ekstraordinære grunnar til for å stogge olje- og gassverksemd ved Jan Mayen.

– Når regjeringa har satt i gong konsekvensutgreiing, er det med eit ønskje om å leite etter olje, seier ministeren, ifølgje db.no.

Statsvitar og seniorforskar ved Fridtjof Nansens institutt, Leif Christian Jensen, har forska på debatten om nordområda. Han meiner utvinningsforkjemparane gjer motstandarane sine argument til sine eigne.

LES OGSÅ: Senterpartiet splitta om Lofoten

Språket bak politikken

Gjennom analysar av avistartiklar, politiske styringsdokument og det offentlege ordskiftet har Jensen identifisert ein måte å ramme inn røynda på – ein såkalla diskurs – som han kallar ”boring-for-miljøet”.

Diskursar kan ein forstå som ei samanfatning av enkeltforståingar og utsegn, med nok til felles til at dei saman dannar ei felles forståing innan eit saksfelt. Diskursar rammar inn kompliserte saksområde på ein lettfatteleg, intuitiv måte. Desse er med på å påverke handling og politikk, ved å leggje rammene for kva som er akseptert å ytre eller gjere.

Ved å forstå kva diskursar som rår, kan ein forstå førehandsvilkåra for politikk, ifølgje Jensen.

– Diskursar kan ikkje føreseie nøyaktig kva for konkrete politiske val som vil bli tekne i ein gjeven situasjon, men dei kan seie noko om handlingsrommet innanfor eit politisk tema, skriv forskaren i ein epost.

LES OGSÅ: – Spennande å vera ein del oljeeventyret

Russland og vårt opphøgde sjølvbilete

Ifølgje Jensen, som nyleg har disputert på avhandlinga si, er det utvinningsforkjemparane som har fått mest spalteplass i avisene. Desse teiknar eit bilete av ein vinn-vinn-situasjon i nordområda.

– Mykje av nordområdediskursane har handla om å balansere den identitetskrisa Noreg trass alt har i Nordområda: «Verdsleiande miljønasjon som skal forvalte det sårbare Arktis» samstundes som «petroleumsstormakta Noreg» skal tene gode pengar på å pumpe opp olje og gass i det same området, seier Jensen til Universitetet i Tromsø sine nyheitssider.

– Det er ei krevjande øving i truverdig innan- og utanrikskommunikasjon, og i den øvinga er Russland ein svært nyttig, for ikkje å seie ein avgjerande «andre» viser det seg. Mykje takka vera kombinasjonen Russland og eit opphøgd sjølvbilete, har det vorte mogeleg å koma seg unna med at me «borar for miljøet», utdjupar han.

– Forteljinga blir då at av di russarane snart er i gang, hastar det for Noreg å koma i gang med boring i Barentshavet for å vise eller hjelpe russarane med å drive miljøvenleg petroleumsleiting.

Argumenta Jensen peikar på er ikkje vanskelege å finne. Tidlegare administrerande direktør i Det norske oljeselskap, Erik Haugane, meinte til dømes at Noreg burde setje seg i førarsetet for å styre utviklinga i nordområda.

– Norsk teknologi, beredskap og heile systemet kring det å ha ein sikker og god operasjon i dette området, vil smitte over til russisk side, både i forhold til leverandørar og aktørar, sa Haugane til nrk.no i 2010.

LES OGSÅ: Uroa for tryggleiken på norsk sokkel

Boring for miljøet

Men kvifor er Russland så viktig i norsk debatt?

Utover 90-talet skapte mellom andre norske media eit bilete av Russland som ei miljøsinke. Rapportar om svarte trestubbar, eit radioaktivt strålehelvete og utrangerte atomubåtar var med å gi fotfeste til oppfatninga. Kring årtusenskiftet rådde ei semje om at Noreg må bore for miljøet si skuld.

Logikken samanfattar Jensen slik: «Russerne er allerede i gang i Barentshavet. De har en tvilsom innstilling til miljøet. Vi [Norge] må hjelpe dem med å sette riktig miljøstandard i Barentshavet».

– Éin diskurs (boring-for-miljøet) i ein diskursiv kamp går rett inn i kjernebestanddelen til motdiskursen (nei-til-boring), snur logikken på hovudet og gjer resonnementet til sitt eige, skriv Jensen i ein artikkel i Norsk statsvitenskaplig tidsskrift i 2010.

Med denne logikken vert boring i Barentshavet ein vinn-vinn-situasjon, både for miljøet, russarane, og for norsk økonomi. Resultatet er at motstandarane sitt argument står svekkja tilbake.

LES OGSÅ: Bensin på bålet

Utfordrar det norske sjølvbiletet

Men kampen om miljøargumentet er ikkje over. I sitt arbeid utfordrar Jensen det norske sjølvbiletet.

– På kva måtar kan boring-for-miljøet-diskursen vere problematisk?

– Analytisk er eg ikkje først og fremst oppteken av om russarane verkeleg er miljøsinkar eller ikkje. Men den semja som rår, både blant motstandarar og tilhengjarar, om at Russland er ei miljøsinke, er basert på medieframstillingar av nordvest-Russland frå 90-talet, då landet låg med broten rygg etter Sovjetunionen sitt fall. Denne semja har lagt grunnlaget for eit temmeleg drygt og relativistisk resonnement. Dette fortel også om eit rimeleg oppblåst norsk sjølvbilete i nordområda.

Forskaren meiner det norske sjølvbiletet, der Noreg er den høgteknologiske, altruistiske miljønasjonen, møter overraskande lite diskursiv motstand.

– Er boring-for-miljøet-diskursen med på å dekkje over økonomiske motiv ved olje- og gassutvinning i nordområda?

– Eg vil seie at diskursen bidreg til å unngå grunnleggjande debattar om kva som skal skje i nordområda, fordi den så og seie redefinerer miljøproblemet, svarar Jensen.

Han vil ikkje seie noko om dei ulike aktørane sine motiv eller “eigentlege interesser”.

– Diskursen dekkjer ikkje over i tydinga at det sit nokre få luringar på toppen og designar ein diskurs ut i frå lumske motiv. Samstundes blir jo effekten av boring-for-miljøet-diskursen at den hindrar andre verkelegheitsforståingar og alternative handlingsmåtar, som til dømes å la vere å bore for å hjelpe miljøet. Slik sett definerer boring-for-miljøet effektivt miljøutfordringane i Arktis som nær samanfallande med staten sine interesser.

Kjelder:
Jensen, Leif Christian (2013): Norway on a High in the North : a discourse analysis of policy framing
Jensen, Leif Christian (2010): Norsk oljeboring for å hjelpe miljøet: Diskurskooptering som nytt analytisk begrep

Faktaboks

I Språkåret 2013 set Framtida.no søkelys på det politiske i språket. Gjennom ei rekkje artiklar vil vi ta føre oss ulike sider ved språkleg makt. Denne artikkelen handlar om diskursar, og korleis desse kan påverke politikk og handling.