– Bør berre jobba fem timar kvar dag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilrår pensjons- alder på 80 år

– Born som er 10 år i dag, bør kunne arbeida til dei er 80 år. Til gjengjeld treng dei ikkje arbeida meir enn 25 timar i veka når dei blir vaksne. Samfunnsøkonomisk heng det godt saman. Det viktige er at me alle saman leverer ein viss porsjon arbeid – ikkje når i livet me leverer det, seier professor James W. Vaupel til Videnskab.dk. Han er leiar for det nyopna Max-Planck forskingssenteret ved Syddansk Universitet i Odense.

Ifølgje senteret aukar den forventa levealderen med tre månader kvart år – eller seks timar kvart døgn.

LES OGSÅ:Forgubbinga kan redde verda

Vil omfordela arbeidstida
Medan 1900-talet var prega av omfordeling av pengar mellom fattige og rike, meiner han 2000-talet vil vera hundreåret der me omfordeler arbeidstida. Folk i 20-åra vil ofte ha tid til meir tid til vennene sine, 35-åringar gjerne vil ha betre tid til borna sine, medan 70-åringar har altfor god tid for seg sjølv.

– Det er gode bevis for at eldre som arbeider deltid har betre helse enn dei som berre sit heime. Å arbeida gjev betre helse, seier James W. Vaupel til Videnskab.dk.

Ifølgje forsking som Vaupel har publisert i dei kjente tidsskrifta Nature og Lancet kan ein venta at halvparten av borna fødd etter 2000 vil bli over 100 år gamle. Med dagens pensjonsalder kan altså dagens born rekna med å bruka meir enn ein tredjedel av livet som pensjonistar.

LES OGSÅ:Lever lenger i nynorskland

Vil ikkje rikka pensjonsalderen
Sosialistisk venstreparti og Sosialistisk ungdom har programfesta sekstimars arbeidsdag. Men fem timar om dagen, meiner SU-leiar Andreas Halse er for lite:

– Eg trur ikkje det er bra å jobba så lite som 25 timar i veka, seier han.

Når det gjeld å heva grensa for pensjonsalder, er han òg motstandar.

– Å heva pensjonsalderen til 80 år, kjem eg aldri til å bli for. Folk fortener ein verdig og god alderdom, seier han, og viser til at Noreg har verdas mest produktive arbeidstakarar.

– Står du framleis på det sjølv om levealderen går opp?

– Det er klart at om ein jobbar bak ein kontorpult på Blindern, så kan ein stå lenger i jobb, enn om ein jobbar i helsevesenet eller industrien.

Om folk sjølv vil jobba lenger enn 67 år, bør dei få lov til det. Men han trur dei fleste vil sleppa å arbeida når dei er blitt 67 år.

LES OGSÅ:Må jobba lenger – men veit det ikkje

Kva meiner du om forslaga til professor Vaupel? Bør me utvida pensjonsalderen i framtida, og heller jobba kortare dagar?