Bonde-rap med eigen video

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei to rapparane Skarre R og KløverKnekt har laga musikkvideo til hiten «BondeGangster». –Vi har hatt det utruleg morosamt under heile prosessen, seier dei.

Daniel Wiig Andersen (18) og Kris Andre Drageset (19) hadde førre veke førpremiere på sin heilt ferske musikkvideo «BondeGangster».

– Låta handlar om å vera rap-artist frå Nordhordland. Konseptet er at bøndene tar over byen, difor har noko av innspelinga gått føre seg i Bergen, men mesteparten er filma i Nordhordland, fortel Wiig Andersen (18), også kalla KløverKnekt.

Sjølvironi
Daniel og Kris fortel at dei har mange vener som bur i Bergen. Låta og musikkvideoen skal vera ironisk og morosam, og er spesielt retta mot alle dei som gjer «narr» av kor dei kjem frå.

– I gjengen er vi mest kjent som «bønder», fordi vi er frå Nordhordland, seier dei.

Sjølv om ingen av dei bur på gard, brukar dei å lata som.

– Eg seier at eg har mange kalkunar i hagen, men det er jo berre tull, ler Kris, som ikkje har noko imot å verta «mobba» fordi han er frå landet.

– Det er berre morosamt!

LES OGSÅ: Ein ulv i bagasjerommet

Over 60 involverte
På førpremieren inviterte dei to artistane vener, familie, statistar og alle andre som har vore involverte i filmen og produksjonen.

– Vi set utruleg stor pris på alle som har delteke i produksjonen, og brukt mange timar for å få dette til. Over 60 personar har vore med, seier Kris Andre Drageset.

Mellom anna har ei dansegruppe frå Loddefjord vore med som dansarar.

– Alle som har vore involverte, har gjort dette heilt frivillig, og det set vi stor pris på. Vi skuldar alle ein stor takk, seier dei to.

– Konge å jobba med dei
Regissør Christer Steffensen står bak produksjonen, også han har gjort jobben gratis.

– Eg elskar å driva på med film, så «BondeGangster» har vore ein gøy hobby for meg, seier han.

Då han fekk spørsmål om han ville produsera musikkvideoen, var han ikkje vond å be.

– Det har vore heilt konge å arbeida med dei. Gutane kom sjølv med mange gode idear, og eg synest resultatet vart bra, seier Steffensen.

LES OGSÅ: Hip hop frå Tysvær

– Vi har mange planar
På spørsmålet om dei kjem til å laga fleire musikkvideoar i nærmaste framtid, svarar dei noko løyndomsfullt.

– Vi har mange planar! Vi driv no på med ein heilt ny låt, og kanskje kjem det ein musikkvideo til den allereie før sommaren, men vi lovar ingenting, seier dei.

Les saka i Nordhordland!