Boksamlinga flytta til Haugesenteret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her skal Hauge-bøkene stå

Bøkene viser kven Olav H. Hauge var, meiner dagleg leiar Geir Netland.

– Heile boksamlinga er no flytta. Det er veldig godt nytt for oss og alle involverte, for det har vore arbeidd med dette ein lang periode.

Det viktige er at samlinga vert i Ulvik for all framtid, meiner Netland.

Samlinga som sto i huset på Rossvoll omfatta over 6300 eksemplar. Det meste bøker, men òg tidsskrift og avisutklypp, mellom anna.

– Det er ei unik samling, som gjev oss eit veldig viktig mentalt og intellektuelt portrett av Olav H. Hauge. Det viser kva han var oppteken av, og kva slags lesar han var.

Samlinga opnar òg for koplingar mellom dei referansane han har i dagbøkene til bøker han har lese, og ei utdjuping av desse koplingane vert mogeleg.

Geir Netland legg også stor vekt på at samlinga gjev senteret ein autentisitet, ved at Olav H. Hauge faktisk eigde desse bøkene, og brukte dei flittig.

Haugesenteret vil sikra at bøkene vert tekne hand om på fagleg forsvarleg måte, etter arkivtekniske krav.

– Bøkene er veldig fint handsama til no, og er i god stand, understrekar han.

LES OGSÅ: Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Kommenterer ikkje

– Kva då med heimen til Hauge, som no er tømd for bøker?

– Det er tomt for bøker, men på den andre sida slepp eigaren fri for ansvaret, og står friare i bruken av huset.

På spørsmål frå Hordaland om overflyttinga av boksamlinga, har eigaren Stein Olav Kolås ingen kommentar. Tidlegare i prosessen har Kolås peika på at dei gjerne hadde sett at samlinga sto i huset, og at gjester var velkomne til å koma for å oppleva huset og miljøet der diktaren budde.

Enkja Bodil Cappelen arva bøkene etter Olav H. Hauge, og selde samlinga til Ulvik herad i 1997. Sjølv om det vart reist spørsmål ved dette, vart det godkjent som eit gyldig sal, opplyser Netland.

Heradet gav seinare samlinga vederlagsfritt til Haugestiftinga, som framleis formelt eig samlinga.

– Etter at Haugesenteret vart etablert i 2011 låg det som ein føresetnad at senteret òg skulle forvalta samlinga, så dette dermed er heilt i tråd med planane.

– Kva vanskar har arbeidet bydd på no?

Geir Netland ser at dette har vore ei vanskeleg sak, som har involvert mange og rørt ved kjensler. Kanskje har det vore greitt at det har teke tid.

– Etter at eg kom inn i arbeidet, har eg opplevd at det har gått veldig greitt, seier han.

LES OGSÅ: Brev blei til kjærleik

Bøker bak glasdører
– Kva skjer med bøkene etter dette?

– Me føreslår no å plassera samlinga i heradsstyresalen, slik at ho kan opplevast i sin heilskap. Samlinga vil då verta tilgjengeleg for gjester, men avlåst i skåp med glasdører. Berre dei som arbeider med forsking og dokumentasjon vil få tilgang og kunna bla i bøkene.

Netland legg til at dei har som mål å digitalisera dei mest sentrale bøkene – for å gje tilgang for fleire til å studera kva notatar og understrekingar Hauge gjorde.

Flyttesjauen har teke mange veker, og har omfatta ei nøye registrering av den store samlinga. Om kort tid tek styret i Nynorsk kultursentrum stilling til kven som skal få oppdraget med å utforma basisutstilling ved Haugesenteret, som etter planen opnar i mai neste år.

Les saka i Avisa Hordaland!