≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: bibliotek, Lesing, folkebibliotek

Bokbuss og barn gav låneoppsving

Leseglade barn og bøker på hjul er suksessoppskrifta til Voss bibliotek.

NPK
fredag 13. januar 2017 14.54

Bokbuss og barn gav låneoppsving Illustrasjonsbilete: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

I fjor lånte fleire folk bøker ved Voss bibliotek og bokbussen får ein stor del av æra, skriv Avisa Hordaland. Auken kjem i hovudsak av meir utlån av barnebøker, både fagbøker og skjønnlitteratur. 

– Mykje av auken kjem frå bokbussen, og det strekar under kor viktig denne er for å nå ut til flest mogleg. Det er viktig å vera der borna er, seier biblioteksjef Inger Karin Dyrnesli til avisa.

Det totale utlånet av medium hjå Voss bibliotek var på 78.342 i 2016. Dette er 1.394 fleire enn året før. Utlånet til vaksne stod for 39.468 av desse, medan 38.874 medium vart lånte ut til born. Blant dei unge er det særskilt dei mellom 13 og 18 år som har lånt meir på biblioteket. 

Utviklinga samsvarer elles med det andre bibliotek melder om, nemleg ein nedgang i utlånet av lydbøker, film og musikk til både born og vaksne.


Oppdatert: søndag 15. januar 2017 08.41
Kommentarar



 
ANNONSE: