Bloggen som ingen ville sletta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ein gong ein gjeng studentar, som fekk blogging på timeplanen… og slik gjekk det til at Ida si nettnerding finst den dag i dag. Slik lyder kortversjonen av blogghistoria til Ida Haugum – som er Vekas bloggar i Framtida.no.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Eit sjølvironisk bloggfellesskap 
Det var i 2008. Bachelorstudentane i språk og informasjon, som har faget IKT og læring, får blogging på timeplanen – og er særs skeptiske.

– Sjølv hadde eg ein idé om at det berre var folk i data- og spelmiljøet som blogga, og der høyrde ikkje eg til, tykte eg. Dessutan fekk eg ikkje heilt tak på dette faget me skulle blogga om – det kjendes særs utleverande å leggja ut min eigen, haltande og til dels fortvilte refleksjon kring emne og innhald eg ikkje forstod. Eg trur samtlege studentar gledde seg til å sletta bloggen etter eksamen, men då me var komne så langt, hadde me utvikla ein slags sjølvironisk og nokså intern bloggfellesskap, som det ikkje var så enkelt å sleppa med ein gong, skriv 28-åringen frå Voss i ein epost til Framtida.no.

No er ho og kona busett i Salhus utfor Bergen.

Bloggen Nettnerding har utvikla seg frå fagblogg til små kvardagsglimt.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Safta hennar mor
Med glimt i auga, få versalar og konservativ nynorsk, skildrar bloggaren smått og stort.

Då ei anonym mor i 2011 fekk spalteplass for å greia ut om saftkokaren sin, vart det lesarrekord for Vekas bloggar. (Med litt hjelp av ei lenkje på VG sine nettsider.)

I Ida sitt hjørne av internett finn ein alt frå Lego-kunst, til språkknask om korleis skriva ordet «behov» på nynorsk.

– Eg vert reint varm i sjela av at 718 har fenge svar på dette gjennom nettnerdinga mi! jublar den sjølverklærte språknerden, som no arbeider som tysklærar i vidaregåande, parallelt med at ho tek ein master i nordisk språk og litteratur.

– Kva har du lært sidan du starta å blogge?

– Eg har lært at det er mange bloggarar, eit solid fleirtal etter eigne overslag, som deler teitare ting enn eg på internett. Lista for kva eg kan våga å leggja ut, er såleis mykje lægre i dag enn ho var då eg byrja.

– Er det noko du ikkje kunne blogga om? 

– Nei, eg trur eigentleg ikkje det – anna enn at eg neppe kunne drive ein truverdig rosablogg. Kvar grensa går, kjem mykje an på korleis ein legg fram innhaldet. Eg kunne nok, og har kanskje innimellom, skrive om nokså private emne, men ikkje beint fram. Eg skriv det om, slik at berre eg og nokre få utvalde luringar forstår det. Eg prøver elles å vera forsiktig med å skriva om andre enn meg sjølv, i alle fall dersom det er mogeleg å kjenna dei att.

Tips oss om gode nynorske bloggar her.

Språkleik
Ida tykkjer det er vanskeleg å dra fram ei konkret inspirasjonskjelde, men språk er ein gjengangar.

– Då handlar det ofte om leik med ord, det at ord og uttrykk kan ha fleire tydingar. Det er i slike tilfelle helst den minst opplagte tydinga eg hengjer meg opp i, eller eg misforstår ordet med vilje, for å sjå kva ordet gjer om ein bruker det feil. Stundom leikar eg sjølv, andre gonger siterer eg andre sin språkleik. 

– Har du nokre tips til andre bloggarar?

– Eg trur det kan vera lurt å skriva om det ein sjølv tykkjer er interessant, i staden for å tilpassa innlegga til det ein trur lesarane vil lika. Nesten kva som helst er interessant å lesa om, dersom ein ser at den som har skrive det har hatt det kjekt då hen skreiv, avsluttar nettnerden.


– Lego er så konkret og enkelt. Ein treng noko slikt dei gongene verda vert uoversiktleg og vrang, seier bloggar og Lego-entusiast Ida Haugum. Her tek kona Kristin seg ein kaffipause. Foto: Nettnerding.wordpress.com

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.