Blodsmak, lyrikk og trekkspelpønk på spelelista

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ragnar Hovland med Sex Pistols

Leitar du etter songar til bruk i nynorskundervisninga? Skulle du gjerne hatt tak i tonesetjingar av Olav H. Hauge-dikt til bruk i litteraturtimane? Me kan hjelpa!

Det finst mange måtar du kan nytta musikk på i undervisninga. Våland skole i Stavanger, som arbeidde med Haugtussa som barnelitteratur, byrja til dømes dagane med å høyra ein song frå Haugtussa-plata til Lynni Treekrem, og etter kvart lærte borna teksten og song med. Tonesette dikt kan brukast som introduksjon til ein forfattarskap, eller du kan bruka ein songtekst som utgangspunkt for å arbeida med eit språkleg fenomen. Underviser du i nynorsk som sidemål? Kvifor ikkje byrja undervisninga med å introdusera elevane for noko nynorsk musikk frå heimfylket deira?

Nynorsksenteret har sett saman spelelister i musikktenestene Spotify, Wimp og Tidal. Der har me plukka ut kring 180 songar med nynorsk tekst. Listene inneheld alt frå pop til acappella-jazz og svartmetall, og skulle slik sett ha noko for alle. Kan henda kjem du over musikk du ikkje kjende frå før. Visste du til dømes at den polske musikaren Andrej Nebb har laga mange songar med tekstar av Tor Jonsson? At gruppa Undertakers Cirkus frå Lillestrøm skreiv nokre songar med nynorske tekstar midt på syttitalet? Eller at Ragnar Hovland, som medlem av gruppa Dei nye kapellanane, har tolka Sex Pistols på nynorsk – med trekkspelkomp? Du finn desse songane, og mange andre, i spelelistene.

Listene inneheld òg nyare musikk, til dømes den rykande ferske andreplata til austlandsgruppa Blodsmak. Blodsmak blandar nynorske tekstar, hardrock og folkemusikk, og resultatet er særs fengjande – ein overtydande demonstrasjon av korleis det hadde låte dersom Alice in Chains hadde vore frå eit austlandsdalføre i staden for frå Seattle.

Nynorsksenteret har dessutan laga spelelister med nynorske barnesongar og spelelister med tonesetjingar av tekstar av Ragnar Hovland, Ivar Aasen, Halldis Moren Vesaas, Jakob Sande og andre forfattarar. Til saman er det tretten slike forfattarlister.

Listene ligg på www.nynorsksenteret.no/musikk

Først publisert på bloggen iver.nynorsksenteret.no.