– Blodet mitt kokar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Vi er ikkje ambisiøse nok. Vi bruker gladeleg 1,3 milliardar på krig årleg, men til klimautfordringane kan vi ikkje finne pengar, sa Nnimmo Bassey under ekstremdialogen på Universitetet i Oslo (UiO) tysdag.

Denne veka handlar det om klima og miljø på UiO, når forskarar, aktivistar og politikarar samlast til ein konferanse om transformasjon i eit klima i endring. Vinnar av fjorårets Raftopris og av Right Livelihood Award i 2010, Nnimmo Bassey frå Nigeria, er ein av deltakarane. Bassey er kjend for sitt engasjement mot oljeindustrien.

I likskap med ei rekkje forskarar, politikarar og aktivistar er han i Oslo for å diskutere korleis vi kan gå frå prat til handling. Også på tysdag var bodskapen klår:

– Når vi snakkar om olje kokar blodet mitt. La olja bli i jorda, sa Bassey.

Transformasjon
Transformasjon, som er tittelen på konferansen, er endringar. Ifølgje arrangørane ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi veks semja om at tradisjonell ”business as usual” ikkje er nok i møte med klimaendringane.

Linda Sygna er prosjektleiar for konferansen. Ho meiner interessa for transformasjon er større enn nokon gong.

– Ein kan ikkje handtere klimautfordringane utan å handtere dei andre knytt til utfordringane, som fattigdom og forsuring av hava. Dermed treng vi ein meir heilskapleg måte å møte klimautfordringane på, som kan utfordre dei underliggjande årsakene til klimaendringane.

Ei av desse årsakene er det høge forbruket. Transformasjon inneber dermed å utfordre vår idé om det gode liv, ifølgje Sygna.

– Det kan nok vere skremmande for mange, seier prosjektleiaren.

– Starta i FNs klimapanel
Tanken om at omfattande transformasjon er naudsynt er ikkje berre noko ein gjeng akademikarar og miljøaktivistar på Blindern surrar med. Ifølgje arrangørane av konferansen vert transformasjon til eit låg-karbon, veltilpassa globalt samfunn i stadig større grad vektlagt innan både forskings- og politiske diskursar.

– Ideen starta i FNs klimapanel, seier Sygna, og syner til spesialrapporten av i år der transformative endringar vert løfta fram for å redusere risikoen for ekstreme klima- og vêrforhold.

Ideen er også sentral i det nye internasjonale forskingsnettverket Future Earth, som dei neste ti åra skal utvikle kunnskap for å respondere effektivt til risiko og mogelegheiter knytt til klimaendring. Nettverket skal fram mot Rio+20 arbeide for å støtte transformasjon til global berekraft, heiter det på nettsidene.

Eit rettferdig samfunn
– Samfunnet endrar seg heile tida. Problemet er at endringane følgjer ein forretningstankegang, der marknaden får styre. Anten kjem samfunnet til å endre seg basert på slike prinsipp, eller så kan vi handle og gjere eit val om kvar vi vil. Vi må vinne tilbake hukommelsen og skape ei kjensle av solidaritet, seier Nnimmo Bassey etter dialogen.

– Kva samfunn er alternativet?

– Det er eit stort spørsmål. Eit meir rettferdig samfunn, der det finst grenser for forbruk og øydeleggingar, og der naturen har ein verdi, seier Bassey, som meiner at endringane må skje i måten vi tenker på.

– Vi treng både økologiske, økonomiske, politiske og sosiale endringar.

Handlar om formidling
Jan Bojer Vindheim er kommunestyrerepresentant i Trondheim for Miljøpartiet Dei Grøne og var til stades under ekstremdialogen på tysdag. Han er oppteken av at folk skal forstå klimautfordringane.

– Transformasjon er ei heilt anna tilnærming, særleg når det kjem til energi og forbruk. Denne konferansen består av ei forsamling av folk som arbeider med klimaendringar dagleg og semja om at klimaendringar er ei alvorleg utfordring er stor her. Spørsmålet er korleis vi skal få politikarar og andre til å forstå kva endringar som er naudsynte.

Vindheim trur vanskane i stor grad er knytt til at klimaendringar er langsiktige.

– Om du lar vere å slå av motoren din no rammar ikkje konsekvensane med ein gong. Klimaendringane er abstrakte og langt borte. Når forskarar og akademikarar snakkar om klimautfordringane er dei i tillegg pakka inn i alle moglege atterhald. Spørsmålet er om vi har kome til det punktet der det er på tide å slutte å pakke bodskapen inn og seie det rett ut – folk må ta seg saman elles vert det meir flom i Kvam.

Vindheim trur likevel ikkje håpet er ute.

– Eg trur at når klimaendringane vert meir synlege vil også kjensla av at dette hastar auke. Dei fleste innrømmer at klimaendringar er ein realitet, men når det kjem til handling er det eit stykke att. Tidlegare har nok bodskapen blitt presentert i ein overdramatisert form, som dommedagsprofetiar. Det må også media ta sin del av skulda for. Men no trengs det verkeleg å dramatisere dette.

Faktaboks

Denne veka handlar det om klima og miljø på UiO. Les meir her