Blir framtida tørr for landbruket?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny forsking av Justin Sheffield frå Princeton University I USA syner at dei områda i den tredje verda som har mest anlegg for tørke og veksande folketal samt få moglegheiter for å lagre vatn, vil vere dei som sannsynlegvis vil få mindre matproduksjon i framtida.

Sjølv om det totale området på jorda som er affektert av tørke ikkje har endra seg særleg dei siste 50 åra, finn Sheffield det særs sannsynleg at dei områda i Afrika sør for Sahara som opplever tørke i dag vil bli dobbelt så store om 40 år og tre gonger så store om 80 år, og dermed at påverknaden på framtidig matproduksjon i Afrika sør for Sahara vil vere spesielt sterk.

Produktiviteten i landbruket er avhengig av ei rekke fleire faktorar enn tilgang på vatn, mellom anna teknologi, variasjon I landskap og jordsmonn. Desse vil sannsynlegvis verke  saman for å redusere produktiviteten med over 20 prosent over dei neste 40 åra.

Før Columbus
Ben Cook frå NASA meiner at dei gamle Maya/Aztec-sivilisasjonane i Mellom -Amerika sannsynlegvis forsterka tørke på Yucatanhalvøya og i det sørlege Mexico ved å renske området for regnskog for a dyrke opp meir land.

– Dyrka mark og beitemark absorberer mindre energy frå sola enn regnskogen sidan overflatane ofte er lettare og meir reflective, slik at det er mindre energy tilgjengeleg for nedbør, hevdar han.

Amerika før Columbus hadde mykje avskoging på Yucatan-halvøya, men sidan då har mykje av skogen kome attende sidan folketalet gjekk ned saman og dyrka mark/beitemark vart oppgjeve.

Han syner vidare at nedbøren vart redusert med mellom 10 og 20% når avskoginga var stor, særleg mellom år 800 og 950.

– Eg vil ikkje argumentere for at avskoging førte til tørke eller at dette er eineansvarleg for at Mayasivilisasjonen gjekk under, men det syner at avskoginga kan leie klimaet mot tørke og at
omlag halvparten av tørrleiken i den førkoloniale epoken kom av avskoging, konkluderer Cook.

Kjelde: NASA

Korleis trur du framtida blir for landbruket? Bruk gjerne kommentarfeltet under!