Bles nytt liv i rockepoeten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har vel ei pedagogisk, nærast misjonær innstilling når det gjeld omsetjinga av Dylan til nynorsk, fortel Tom Roger Aadland.

Musikaren og låtskrivaren vaks opp med nynorsk, og etter kvart utvikla han ei interesse for å omsetja engelske tekstar til skriftspråket sitt. Han omsette alt frå Shakespeare til Bob Dylan – og han hadde ei magekjensle og ein intuisjon som sa at det fungerte.

I 2009 fekk han strålande kritikkar då han ga ut albumet «Blod på spora» – ein nynorsk versjon av Dylan-plata «Blood on the Tracks».

– Ein kjem nærare
Medan kompisane hans høyrde på Kiss, fall 14-årige Aadland for Dylan. Og då han omsette tekstane oppdaga han noko nytt.

– Songane treff deg på ein annan måte når dei vert sunge på morsmålet. Det er viktig å hugsa på at engelske artistar syng på morsmålet, og uansett kor gode me nordmenn er i engelsk så vil det aldri treffa oss på same måten.

Og Aadland meiner nynorsken kan gje oss nye opplevingar i musikken.

– Det er så klangfullt og inneheld mange diftongar. I tillegg har det ein lang, lyrisk tradisjon. Eg gjorde det til eit poeng i seg sjølv å syngja på normert nynorsk sidan det er så stilisert. Sjølvsagt er det alltid ein fare for å missa ting i omsetjinga, men ein kan nesten alltid koma nærare enn ein trur.

Bærum-folka syng med
Aadland trur det har vore ei oppbløming med det å synga på nynorsk og dialektar.

– Frå 90-talet og utover har det vorte ein tradisjon der tekstar på nynorsk har vorte betre sette på enn tidlegare. Det er veldig kjekt å sjå folk frå både Bærum og Kristiansand syngja med på tekstane når eg er på turné. Det er ein ny måte å presentera nynorsken på som kan setja han i eit meir positivt ljos.

Basert på kritikken og tilbakemeldingar frå publikum ser det ut til at Aadland lukkast med akkurat det.

– Det verkar som om folk likar dei omsette tekstane. Fleire som har vore Dylan-fans i fleire år seier til meg at dei har oppdaga noko nytt ved songane hans, og eg trur nettopp det kan vera med på å styrkja nynorsken sin identitet.

Les saka i Avisa Hordaland!