Biten til blods av skoten rev

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg måtte rista foten kraftig to-tre gonger for å bli kvitt reven som beit seg fast i skoen, seier Sondre Grindedal.

Tenåringen har fått lidenskapleg jaktinteresse og småviltet er favoritten og rypene spesielt.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

Skvatt skikkeleg
– Eg debuterte som revejeger sist sesong og får kunnig opplæring av pappa som held oppsikt med aktiviteten rett ved tunet, seier Sondre.

Og det vart litt av ein episode då det første eksemplaret lurte seg inn på åtet 75 meter frå den vesle jakthytta i Grindedal i Feios. Sondre sat klar med rifla, skjerpa til tusen.

– Eg såg eg trefte og rusla nedover. Eg ville sjekka at den var ferdig og var borti skrotten med foten. I det eg gjorde det, snudde reven seg på eit brøkdels sekund, gapte over skoen og hang fast med kjeften i siste krampetrekningane.

– Eg skvatt skikkeleg og hugsar ikkje heilt kva eg tenkte med same. Den eine hjørnetanna skar seg gjennom skinnet på skoen, og eg kjende smerter i den eine tåa.

LES OGSÅ: Ein skikkeleg revejobb

Raud sokk
Jegeren vart omsider kvitt Mikkel og rygga tilbake.

– Korleis gjekk det med foten?

– Sokken var raud av blod og stivkrampesprøyte måtte til, den fekk eg på Helsetunet i Vik.

– Nokså spesiell episode du serverer?

– At noko slikt kunne skje, hadde eg aldri trudd, seier Sondre om opplevinga sist vinter.

Men nokon skrekk fekk ikkje jegeren.

– Det vart den eine reven sist vinter. I år er statusen to så langt og den tredje er ikkje langt unna, det syner viltkameraet som er montert på ein staur nett attmed åtet.

LES OGSÅ: «The Fox» blir barnebok

Hjorten neste
Sondre Grindedal er ikkje åleine om dyrka jegerinteressa i bygda.

– Me er ganske mange ungdomar som har lagt ut åte for reven. Difor er det vanskelegare å få den sidan fleire driv på, det viktigaste er likevel at ein held bestanden nede, seier Sondre Grindedal.

15-åringen ser fram til årets hjortejakt.

– Det blir stort. Eg har vore med og jaga tidlegare, i september stiller eg med rifla og er klar for min første hjort.

Saka var først publisert i Sogn Avis.