Biologien i rettssalen

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner frikjenner oftare

Først publisert i Dag og Tid.

Det er neppe ei sak som nokon gong har vorte meir debattert på sosiale medium enn at tre menn vart frikjende for gjengvaldtekt i Hemsedal. Mennene har vorte namngjevne og truga på livet, meddomarane som frikjende, har vorte hengde ut med fullt namn, og Kvinnefronten og venstresida på Stor­tinget har kravt spesialdomstolar for valdtektssaker, og særleg menn skal visstnok ha lettare for å frikjenna menn grunna noko som vert kalla «mannssolidaritet».

Men om det er manglande skulddøming som er problemet, er det ein del som tyder på at kvinner er eit større problem enn menn. Fleirtalet av mindretalet – to av tre – som ville frifinna i Hemsedal, var kvinner.

Det er eit kjent fenomen at det er større frifinningsprosent i valdtektssaker enn i andre saker. I si tid starta difor riksadvokat Tor-Aksel Busch ei gransking som skulle sjå på kvifor. Tidlegare lagdomar Lars-Jonas Nygard fekk som oppgåve å intervjua meddomarar og jurymedlemer som hadde vore med på å døma i slike saker. I 2006 vart Nygard intervjua av Aftenposten om funna. I fleire av sakene fortalde juryformennene om sterkt fordømande og moraliserande haldningar andsynes framferda til offera, og det var dei kvinnelege medlemene som var mest fordømande. Eit offer vart omtala som ei «tøyte» som visste kva ho gjekk til. Tre kvinner meinte at «en ordentlig jente blir ikke igjen» (på nachspielet, red.merk.). «De mannlige medlemmene var ikke enige i det», sa juryformannen.

Fekk som «forventa»
I ei sak meinte fleire medlemer at «hun var med opp og var med på kliningen, da kan hun ikke plutselig ombestemme seg og bli tatt på alvor». «De kvinnelige medlemmene var nok ikke helt fordomsfrie», fortel ein annan juryformann om ei sak der alle dei fem kvinnene i juryen kom til at samleiet var friviljugt, og at valdtekta var rein dikting av di kvinna ikkje ville at det skulle koma fram at ho var utru.

Nygard fortalde til Aftenposten at ein finn «disse holdningene hos begge kjønn, men på kvinnesiden er den overraskende bred og sterk. Hvis offeret har oppført seg i strid med det disse kvinnene selv har oppdratt sine døtre til å gjøre, så sitter ‘skyldig’-svaret tydeligvis langt inn.»

Men om det er slik som Ny­­gard fann at det var, kvifor er det slik? Kvifor har kvinner eventuelt vanskeleg for å seia «skuldig»? Det er det faktisk gjort ein del forsking på både nasjonalt og internasjonalt. Det kan sjå ut som kvinner frå naturens side er programmerte til ikkje å lika at andre kvinner har sex og flørtar med menn. Litt enkelt sagt: Kvinner likar ikkje konkurranse om menn.

Oversikt
I ein større oversiktsartikkel for «Pilosophical Transactions of The Royal Society» i 2013 går professor Joyce F. Beneson gjennom forskinga på feltet. Gjennom livet må kvinner syta for behova og liva til sine eigne born og barneborn og syta for lægst mogeleg fysisk fare. Å alliera seg med individ som vil hjelpa dei med å nå desse måla, aukar sjansen for overleving og reproduksjon. Høg status i eit samfunn aukar tilgang­en til fysiske ressursar og verdfulle allierte. Ein partnar, sysken og slektning­ar deler dei genetiske interessene til mora, medan kvinner som ikkje har felles gen, er konkurrentar. Heilt frå tidleg barndom konkurrerer jenter gjennom å nytta strategiar som løyner at ein er konkurrent: Dei pressar andre til å oppføra seg slik og slik og ekskluderer andre jenter. Jenter og kvinner driv berre, seier Beneson, med open konkurranse når dei har ein høgre sosial posisjon. Alle som konkurrerer om menn, ser ut til å mislika andre konkurrentar.

Dette manifesterer seg på ulike vis. Men éin ting er forskarane samde om, og det er noko dei fleste av oss har observert gjennom skule og oppvekst: «Intern seksuell konkurranse» er den overlege viktigaste faktoren når det gjeld kvinneleg seksuell åtferd og fysisk framtoning. Det heile er nokså innlysande når vi tenkjer etter. Både kvinner og menn er i ein konstant konkurranse om dei beste partnarane, men mykje kan tyda på at kvinner konkurrerer hardare enn det menn gjer.

Regulert konkurranse
I tradisjonelle landbrukssamfunn sytte ein for at konkurransen om partnarar var lægst mogeleg, og dette gjorde ein ved å arrangera ekteskap. På den kinesiske landsbygda, til dømes, kom ein opp i ein reproduksjonsrate på over 95 prosent for båe kjønn. Slike tal kan ein sjå langt etter i moderne samfunn. Etter at det har vorte legitimt og sosialt akseptabelt å skilja seg, har reproduksjons­raten for menn i Noreg og i Vesten gått dramatisk ned. Over 85 av norske kvinner reproduserer seg, under 70 prosent av mennene gjer det, og om vi framskriv den tendensen vi har sett, vil truleg berre 60 prosent av norske menn i framtida få høve til å reprodusera seg. Menn med låg status og dimed låg evne til å syta for avkom, vert valde bort. Kvinnene vel i staden å konkurrera om dei med høgst status. Ein av Noregs mest kjende professorar har til dømes fire kull.

Eit sterkt funn frå fleire studiar er at menn har mykje lettare for å knyta alliansar og inngå i større grupper med menn som ikkje er i slekt. Kvinner har mykje vanskelegare for å samarbeida i større grupper med kvinner som ikkje er i slekt, dette byrjar alt i barndomen og held fram gjennom ungdomslivet og vaksenlivet. At menn har evne til å samarbeida med kvarandre, vert forklart med at menn hadde stor føremon av å læra av andre når dei skulle jakta, kriga og oppnå suksess for slik å få reprodusert seg. «I kontrast til dette», skriv Beneson, «har ingen studiar synt reproduktive føremoner gjennom å samarbeida med kvinner som ikkje er i slekt samanlikna med det å samarbeida med kvinner som er i slekt».

Små alliansar
Men dette tyder ikkje at kvinner er heilt uviljuge til å lita på andre kvinner, men dei gjer det i svært små grupper. Ein eller to nære veninner eller situasjonsbestemte allierte kan gje emosjonell støtte og tilby vern eller assistanse i konkurransen mot andre kvinner. Ei lita gruppe med kvinner kan også påtvinga andre kvinner med lægre status og mindre makt klåre reglar om korleis konkurranse om menn skal gå føre seg. Og i moderne samfunn der ein ofte bur langt frå slekt når ein har kome i den alderen at ein vil ha sex eller reprodusera seg, har kvinner ikkje andre val enn å finna seg alliansepartnarar som ikkje er i slekt.

Åshild Augland Johnsen som er postdoktor og underviser i økonomi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, har sett nærare på korleis kjønna konkurrerer og konspirerer mot kvarandre. Ho finn at kvinner er pådrivarar i samansverjingar som går utover ein kvinneleg tredjepart. Når kvinner får valet om å samarbeida med éin i staden for fleire, vel dei éin i staden for å prioritera tredjeparten. Menn føretrekkjer store nettverk med mange og svake relasjonar; kvinner vil ha tette nettverk med få og sterke relasjonar. Kvinner gjer moralsk rette val fram til eit visst punkt, slik at dei akkumulerer godt samvit, fortel Johnsen, deretter tek dei umoralske val som gagnar dei sjølve i langt større grad enn det menn gjer. Relasjonane vert sterkare di meir samansverjingane går utover ein tredjepart. I juryar eller meddomsrettar kan altså kvinner dana ein liten allianse for å ikkje å døma ein mann som har hatt samleie med ei kvinne.

Pene kvinner er fæle
Ein særleg kategori kvinner er spesielt mislika mellom kvinner generelt, og det er yngre og penare kvinner. Den israelske økonomen Bradley Ruffle har forska på diskriminering av pene kvinner av andre kvinner. Han har funne at kvinner er svært uviljuge til å tilsetja yngre og penare kvinner enn dei sjølve. I valdtektssaker er meddomarane som regel mellom­aldrande, medan offeret er yngre og penare.

Dette ser ut til å vera ein ålmenn tendens. Forskarar ved McMaster University i Ontario, Canada, tok ei rekkje par med kvinner inn i eit laboratorium der dei tilsynelatande skulle diskutera kvinneleg venskap, men det verkelege eksperimentet byrja fyrst når ei tredje kvinne kom inn. Ho var vald ut etter utsjånad «med kvalitetar som vart sedde på som attraktive frå eit evolusjonært perspektiv», fortel forskarane Tracy Valliancourt og Aanschal Sharma, «altså låg hofte-til-midje-ratio, rein og klår hud og store bryst». Dama hadde to typar klede, ei stor t-skjorte og vide dongeribukser eller ei tettsitjande trøye med stor utringing og miniskjørt. Kvinna spurde alltid etter ein attraktiv professor når ho kom inn.
I jeans fekk ho få negative kommentarar frå dei to andre kvinnene som i løynd vart tekne opp på band, men når ho hadde utringing, reagerte alle para svært fiendsleg. Ei kvinne spurde henne rett ut i avsky: «Kva i helvete er det der for noko?» Men det meste av aggresjonen kom etter at kvinna hadde gått ut. Ei kvinne sa rett ut at dama ville ha sex med professoren, ei anna sa at «brysta var i ferd med å spretta ut».

Likar ikkje porno
Det er gjort ei rekkje liknande studiar, mellom anna av pornografi. Kvinner hatar til dømes at partnaren ser på porno, medan menn i liten grad uroar seg for at partnaren deira ser på porno. Stort sett alle kvinner tillegg pornoskodespelarar særs låg intelligens, og kvinner generelt er mykje meir viljuge til å ha sex med eigen partnar når dei oppfattar at ei anna kvinne er ute etter mannen. Som Tracey Valliancourt seier til The New York Times: «Forskinga syner at undertrykking av kvinneleg seksualitet vert gjennomførd av andre kvinner.»

Då er det kanskje bra at halvparten av juryar og meddomsrettar i Noreg skal vera menn. Og om framlegget om spesialrettar for valdtekter vert vedteke i Noreg, bør desse domstolane kanskje ha eit fleirtal av menn?