Biodrivstoff er ikkje svaret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I si tid var den fremste forkjemparen for biodrivstoff klimaalarmisten Al Gore. Det er lenge sidan han snudde. I 2011 vedgjekk han at det var «eit mistak» å nytta dyrka mark til å laga drivstoff. Kvifor støtta han det likevel? Han «var litt glad i bøndene i Iowa», som var heilt avgjerande for at han skulle vinna nominasjonskampen i 2000. Men som han òg seier det: «Når eit slikt subsidieregime fyrst er sett i gang, held lobbyistane og interessegruppene det gåande.»

Men tanken er god, den – i utgangspunktet. Når vi brenner og samstundes dyrkar, ja, så er naturen i balanse. Tak oljepalmen, han vert hausta ein gong i månaden. Når vi brenner biodrivstoff frå oljepalmen, tek det altså berre ein månad før den same palmen har teke opp den CO2-en som vart sleppt ut. Billig er det òg. Kostprisen ved å laga ein liter biodiesel frå palmeolje ligg på rundt fire kroner.

Litt verre er det i USA, som produserer store mengder biodrivstoff ved å nytta mais. Der må dei ha rundt sju kroner literen, eller 120–130 dollar oljefatet, før det heile skal løna seg utan subsidiar. Så skal ein fyrst produsera drivstoff med planter, er det utan tvil tropane som er staden. Der veks plantene så utruleg raskt at til dømes Brasil i fleire tiår har nytta etanol som drivstoff.

Handelskrig
Den store biodrivstoffbruken har ført verda ut i ein handelskrig: USA prøver gong etter gong å leggja straffetoll på biomasse og biodrivstoff frå tropane, EU ligg i handelskrig med USA og Canada om biodiesel. Det heile har vorte eit subsidiesirkus. «Alle» vil syna seg som miljøvenlege, og «alle» vil ha eigen produksjon av det som vert oppfatta som klimavenleg. Men klimavenleg er nok ikkje biodrivstoff. Noko av det mest energiintensive, og dimed klimauvenlege, som finst, er kunstgjødsel. I tillegg kjem det at moderne landbruk er kapitalintensivt, og eit kapitalintensivt landbruk nyttar svære mengder drivstoff, som gjer at vinninga som regel går opp i spinninga. (Eit unnatak her er rett nok palmeolje. Haustinga er svært arbeidsintensiv, og det har kome ei rekkje skuldingar om slaveliknande tilstandar i næringa i Indonesia og Malaysia.) Ei mengd studiar viser at dyrka biodrivstoff basert på moderne landbruk berre reduserer CO2-utsleppa med nokre små prosent.

Men i røynda er det heile mykje verre, og dei som er interesserte, kan med ein gong læra seg forkortinga ILUC, som står for Indirect Land Use Change, eller indirekte endring av bruk av jord. ILUC har eit eige EU-direktiv og er dimed ein del av norsk klimapolitikk, som det meste anna. Å dyrka biodrivstoff fører til at vi må setja nytt land under plogen eller skaffa nye beite for dyr.

Går i null i år 2417
Den beste staden å dyrka biodrivstoff er altså tropane, og den beste planta å dyrka, er oljepalmen. Storprodusenten her er Malaysia, som kvart år aukar inntektene sine på palmeolje. Det gjer dei ved å dyrka regnskog, særleg område med mykje torv. Men torv er ein suveren lagringsplass for CO2. Når skogen vert brend og jorda drenert og snudd, kjem det ekstreme mengder CO2 ut i lufta. Dimed kan det taka over 400 år før klimarekneskapen går i null når vi nyttar rein palmeolje. Tilbakebetalingstida vert altfor lang, og biodrivstoff får dimed langt verre konsekvensar enn det å nytta olje no har.

Palmeolje er hovudkomponenten i biodrivstoffet vi nyttar i Noreg. Dei auka krava frå Stortinget om å blanda inn stadig meir biodrivstoff, gjer at det vert brent stadig meir regnskog i Malaysia og Indonesia, og det samstundes som at Noreg har sett av milliardar for å berga regnskog. Kvar gong miljøvernminister Vidar Helgesen vert konfrontert med paradokset, er svaret «utgreiing», som her til NRK: «Dette (palmeoljebruk) er enda et eksempel på at spørsmål om biodrivstoff bør belyses gjennom grundige konsekvensvurderinger og høringer, slik vi nå holder på med.»

Problemet er berre at Stortinget mot slutten av budsjettingingar på klimaområdet nær konsekvent kjem med vedtak som ikkje er konsekvensutgreidde. Seinast skjedde det i haust då Venstre fekk med seg dei andre på borgarleg side til å utvida innblanding av biodrivstoff. Og som Aftenposten har synt denne veka: Det var skogeigarane og klimaorganisasjonen Zero, som mellom anna vert finansiert av nett skogeigarane, som fekk overtydd Venstre om at det var rett å få gjennom vedtaket.

Von for skogen
Kvifor skogeigarane er for dette kravet, er lett å forstå. Dei gjer seg von om at norsk skog kan verta nytta som drivstoff. I eit høyringsnotat om biodrivstoff skreiv Skogeigarforbundet, Statskog og Norskog fylgjande no i august: «I begrunnelsen for og i den konkrete utformingen av drivstoffpolitikken bør det derfor ikke bare tas hensyn til klima- og miljøeffekter, men også til hvilke muligheter som finnes for kompetanseutvikling, utvikling av nasjonale verdikjeder og internasjonal konkurransekraft for norske industriaktører.» For å få til «utvikling av nasjonale verdikjeder» vil dei at Stortinget skal gje betre vilkår for å laga drivstoff av norsk skog, eller meir direkte: større subsidiar.

Norsk skognæring går dårleg for tida. Det tradisjonelle satsingsområdet for norsk skog har vore papir. Nordmenn har vore verdas mest avislesande folk. Sidan papirrullar er store og tunge, har dei òg vore dyre å frakta over distanse. Dimed har norsk skog vore konkurransedyktig mot internasjonale aktørar på papir. Men etter at internettet kom, har forbruket av norsk papir gått rett ned, og ei rekkje fabrikkar er konkurs. Difor seier skognæringa rett ut at dei vil at norsk skog skal nyttast som energikjelde.

Norsk skognæring står ikkje åleine om dette i verda. Den største fornyelege energikjelda i EU er ikkje vind, ikkje sol, ikkje vasskraft, men tre. EU nyttar store mengder skog for å produsera varme og kraft. Ei rekkje kolkraftverk har vorte bygde om til trefyring, og pellets er den store nye kjelda, som erstatning for vanlege varmeomnar og oljefyrt sentralvarme. Importen av tre frå særleg Nord-Amerika er stor. Norsk skog er altfor dyr til å kunne konkurrera her.

Ikkje så bra med skog heller
Men igjen er det problem med denne tilbakebetalingstida. Nei, skog krev ikkje kunstgjødsel eller storstilt årleg vedlikehald, men – som utgreiing etter utgreiing både i Noreg og internasjonalt viser – nyttar vi nordleg tre her og no, vil det gå  40–50 år før bruken av tre vil gje mindre utslepp enn bruk av kol, og endå fleire år for bruk av olje. Fyrst etter rundt 100 år kan vi seia at vi går i null, og då under føresetnad av at skogen er teken ut på ein skånsam måte, og endå mykje lenger om vi tek ut skogen industrielt. Problemet med industrielt skogbruk er, som i regnskogen, øydelegging av skogbotnen, som altså lagrar store mengder CO2.

Det finst likevel ei slags svak von der ute, og det er andre generasjonsbiodrivstoff, såkalla avansert biodrivstoff. Når ein tek ut eller dyrkar fram biomasse og raffinerer henne, vert det alltid skapt avfall. Tanken bak avansert biodrivstoff er at når avfall fyrst er der, kan ein nyttiggjera seg av dette til å laga biodiesel. Ja, så stor tru har EU, og dimed Noreg, på at dette er framtida, at dei seier at éin liter avansert biodrivstoff skal telja dobbelt: Éin liter avansert biodrivstoff er det same som to liter vanleg biodrivstoff. Så langt har dette gjeve relativt dårlege resultat både EU og i Noreg, for også på avansert biodrivstoff dominerer palmeoljeprodukt, som igjen gjer det endå meir lønsamt å brenna regnskog. Palmeoljeprodusentane får i røynda betalt to gonger, både for vanlege og for avanserte produkt.

EU er problemet
Også norsk skog produserer avfall. Det føreligg no planar om å byggja ei rekkje fabrikkar som skal basera seg på avfall frå skog for å produsera biodiesel i Noreg. Slik stoda er i dag, vil ikkje desse kunne konkurrera internasjonalt. Miljøverndepartementet reknar med at slik produksjon vil kosta 14 kroner literen, nesten det dobbelte av det ein må betala for avansert biodrivstoff frå tropane eller subsidiert frå Nord-Amerika. Statoil på si side skriv i høyringsnotatet sitt at teknologien er primitiv og tilgangen altfor dårleg til at ein kan få særleg volum. Prisen vil difor måtte verta langt høgre enn 14 kroner.

Her må det altså store mengder subsidiar til for å få opp produksjonen. Men som så ofte før støyter vi på EØS. Om biodrivstoff vart definert som eit landbruksprodukt, ville det gått greitt å produsera biodrivstoff ved hjelp av norsk skog, men biodrivstoff vert definert som industriprodukt. Og industrien har ikkje Noreg lov til å subsidiera, i det minste ikkje meir enn det EU gjer. Rett nok er det ein del unnatak på klimafeltet. Enova har av ESA fått lov til å vera med og støtta utvikling av til dømes ladestasjonar, utvikling av meir reintbrennande omnar for Hydro og ein del på gassfeltet. Men å subsidiera skogbruknæringa direkte er det truleg verre med, for skogbruk er mykje større i andre EØS-land enn i Noreg. Enova har per i dag ikkje inne ein søknad om å vera med på å subsidiera fram teknologi for produksjon av biodiesel på basis av tre. Og direkte subsidiar for å gjera norskprodusert biodiesel billigare er altså strengt ulovleg etter EØS-avtalen.

For høgt lønsnivå
Grunnen til at norsk skognæring går dårleg, er at vi har eit høgt lønsnivå og relativt dårlege vilkår for å driva med skog. Terrenget er for kuppert. I Sverige og Finland er skognæringa sju til åtte gonger større enn i Noreg, og båe landa prøver å få til relativt lønsam produksjon av avansert biodrivstoff. Det går før seg liknande forsøk ute i verda, særleg i Canada og USA. Det kan vera at teknologien vert såpass moden at ein får til å produsera ein del avansert biodrivstoff. Per i dag må dette drivstoffet koma ned i ein pris på om lag 8–9 kroner per liter for at det skal vera lønsamt nok til å stetta krava EU set. Men når den dagen kjem at verdsmarknaden kan produsera avansert biodrivstoff av treavfall, vil norsk skognæring møta det same problemet som før: Ho vil truleg ikkje vera konkurransedyktig korkje i EØS eller på verdsmarknaden.

I alle høve: Avansert biodrivstoff vil aldri verta ein reell konkurrent til konvensjonell olje over tid. Til det er det ikkje nok bioavfall i verda. Men om vi høgg ned all verdas skog, dei største karbonlagra vi har, og kallar det avfall, vil kanskje ein slik bioproduksjon kunne gå i nokre år.

Les saka i Dag og Tid!