Beste lokalavis i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Juryen i Europeen Newspaper Award, som er samansett av 14 personar frå ulike land, har kåra Kvinnheringen til Europas beste lokalavis. Prisen føyer seg inn i rekkja av fleire avisprisar Kvinnheringen har henta heim.

– Dette er utan tvil den gjevaste prisen vi har fått. Det var veldig overraskande, dette hadde eg aldri trudd. Når eg har sett andre aviser få denne prisen, har eg fabulert og tenkt kva som hadde skjedd dersom vi kunne få ein slik pris, seier ein stolt redaktør, Tomas Bruvik.

– Kva trur du er grunnen til at Kvinnheringen kan vinna ein europeisk pris, i sterk konkurranse med aviser frå heile Europa?

– Det er fleire ting. Vi har ein dyktig og kreativ stab på alle felt. I tillegg vågar vi av og til å gjera ting som er litt uvanleg i avisverda, seier Bruvik.

Han trur denne prisen vil bli lagt godt merke til rundt om. Kvinnheringen har vore gjennom eit spesielt år med mykje frustrasjon grunna innføring av nye produksjonsmetodar som ein er pålagd av eigarane.

– Men no har vi funne ein veg vi kan leva godt med. Etter eit slikt år bak oss, smakte det ekstra godt å bli kåra til Europas beste avis, seier Bruvik.

Yngstemann
Mediegrafikar Vidar Håland er den yngste tilsette i Kvinnheringen. Han har jobba her i snart åtte år. Han kom hit som arbeidsledig, men har i løpet av desse åra teke fagprøve som mediegrafikar. Redaktøren gir Vidar mykje av æra for at Kvinnheringen hentar heim så mange prisar.

– Eg er heldig som får jobba i ei avis der kreativitet er så viktig. Det har vore ei heilt fantastisk tid. Eg har fått lært av dei beste på alle nivå, seier den 27 år unge mediegrafikaren.

– Korleis opplever du at Kvinnheringen vert kåra til årets lokalavis i Europa?

– Det betyr veldig mykje å vera med på eit lag som får tildelt ein slik pris. Det gjev god motivasjon til å bli endå betre. Vi må ikkje kvila no, men berre køyra på vidare, er rådet frå Håland.

Juryen
Juryen sett saman av 14 personar frå heile Europa. Walter Jensen i Bergens Tidende er den einaste nordmannen som sit i juryen.

– Kvinnheringen har all grunn til å vera stolte over denne prisen. Den heng svært høgt i avisverda. Det er ingen prisar i Norge som kan samanliknast med denne. Treff du der, så treff du godt, seier Jensen.

Han fortel at kåringa skjer ved at kvar av dei 14 jurymedlemene sit i kvar sine rom og går gjennom alle dei nominerte avisene. Kvart medlem gjev sine poeng, utan å konferera med andre. Dommarane vurderer utforming, foto, kreativitet og totalproduktet.

– Her er det 14 uavhengige dommarar som gjev stemmene sine. Det er uvanleg. Difor heng denne prisen så høgt. Kvinnheringen har ein like stor stab som den som jobbar i kantina til Bergens Tidende, men viser kreativitet på eit svært høgt nivå. De vågar å gjera ting som er utanfor komfortsona. Dette er ein lagsiger med eit minimum av ressursar, meiner Jensen.

Barcelona-Lisboa-Brussel-Husnes
Kvinnheringen kjempa om prisen med 196 aviser frå 26 land i denne konkurransen. Juryen seier mellom anna dette om Kvinnheringen:

«Avisa har ei veldig fin utforming av magasina sine, med gode bilde og mykje luft. Avisa er rett fram, og kviler seg på styrke i bilde og den visuelle oppbygginga».

Dette er vinnarane i European Newspaper Award 2015:

Lokalaviser: Kvinnheringen, Husnes, Norge.

Regionsaviser: Ara, Barcelona, Spania.

Landsdekkjande aviser: De Morgan, Brussel, Belgia.

Vekemagasin: Expresso, Lisboa, Portugal.

Prisane vert delt ut i Wien den 3. mai neste år.

Les saka i Kvinnheringen!

Faktaboks

I løpet av dei siste fem åra har fire nynorske aviser vunne prisen for beste lokalavisa i Europa:

2011: Hordaland

2012: Bygdanytt

2013: Hallingdølen

2015: Kvinnheringen