≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Klima

Berre litt mindre klimautslepp i fjor

Langt frå målet om kutt på 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar per år fram til 2020.

Svein Olav Langåker og Åsmund H. Eikenes
fredag 19. mai 2017 12.57

Berre litt mindre klimautslepp i fjor Heidrun-plattformen og eit supplyskip frå Eidesvik. Foto: Harald Pettersen - Statoil ASA

Norske klimagassutslepp var i fjor totalt 53,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Endringa frå 2015 til 2016 er ein reduksjon på 0,5 millionar tonn, litt under 1 prosent. Det betyr at klimautsleppa for 2016 er tilbake på same nivå som for 2014 (sjå faktaboks for endringar sidan 1990). 

Den viktigaste årsaka til endringa er redusert bruk av fossile brensel til vegtrafikk og olje- og gassutvinning, ifølgje SSB

3,2 prosent over 1990
Regjeringa sitt talfesta mål for klimautslepp i 2020 er 48,6 millionar tonn CO2. For å nå dette målet på fire år, må det kuttast 1,2 millionar tonn klimagassar kvart år.

Ifølgje lovforslaget frå regjeringa skal Noreg kutta sine klimagassutslepp med minst 40 prosent i 2030 samanlikna med 1990 (då utsleppa var 51,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar).

Utsleppa i 2016 ligg 3,2 prosent over utsleppa i 1990.

Klimalova skal behandlast i Stortinget 2. juni 2017.

LES OGSÅ: Slik blir du klar for klimadebatt



Oppdatert: fredag 19. mai 2017 14.03
Kommentarar



Faktaboks

Klimautslepp i millionar tonn CO2-ekvivalentar

1990 – 51,7

2000 – 54,6

2012 – 53,8

2013 – 53,5

2014 – 53,3

2015 – 53,9

2016 – 53,4

Kjelde: SSB

 
ANNONSE: