Berre ein av fire nordmenn planlegg å ete mindre kjøtt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre ein av fire vil ete mindre kjøtt

Spørjeundersøkinga er utført av Sentio research på oppdrag for Nationen. Den viser at 72 prosent av befolkninga ikkje har planar om å redusere kjøttforbruket, mens 3 prosent svarer «vet ikke». Kvinner er dei mest ivrige på å ete mindre kjøtt, der 29 prosent svarer ja, mens berre 21 prosent av menn svarer det same.

I ei liknande undersøking i fjor, svarte 23 prosent at dei ville kutte i forbruket av raudt kjøtt i 2016. Det er usikkert kor mange som gjennomførte.

Dei siste tiåra har kjøttforbruket i Noreg auka  jamt. I 1955 åt  kvar nordmann i snitt 33,3 kilo kjøtt, mens tala for 2015 var på 71,4 kilo. Helsedirektoratet tilrår maksimalt å ete 500 gram raudt eller omarbeidd kjøtt i veka.

Les meir om kjøtfri måndag