Bergen tingrett går over til nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergen tingrett blir nynorsk

Sidan dei aller fleste av kommunane i nedslagsfeltet til tingretten er nynorskkommunar må den nye Bergen tingrett ifølgje mållova bruka nynorsk som administrasjonsspråk, skriv Bergensavisen.

Avisa er kjent med at einskilde bokmålsbrukarar på tinghuset i Bergen ikkje er særleg nøgde, men leiinga har ingen problem med språkendringa.

– Det er ikkje nokon stor oppstand. Mange skriv nynorsk og dette er noko me sjølvsagt aksepterer, seier sorenskrivar Kari Johanne Bjørnøy i Bergen tingrett.

Dommarane får framleis skriva dommane på skriftspråket dei føretrekker. Men utlysingar av stillingar, brev til partar, innkallingsbrev, pålegg om tilsvar, proklama og kunngjeringar av dommar må vera på nynorsk.