Berekraft skal erstatte tusenårsmåla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FN med nye berekraft-mål

Utanriksministeren var måndag i New York for å delta i ein diskusjon om dei nye berekraftmåla, som FNs hovudforsamling etter planen skal vedta neste haust.

– Det overordna målet, som Noreg kjem til å setje som førsteprioritet, er å utrydde ekstreme fattigdom og svolt innan 2030, seier Brende på telefon til NTB.

Noreg vil òg kjempe for eit mål om berekraftig energi til alle, opplyser utanriksministeren.

– Det er tusenårsmålet som mangla, seier Brende, som samtidig strekar under at dette vil krevje ei kraftig satsing på fornybar energi i åra som kjem.

Ifølgje FNs generalsekretær Ban Ki-moon skal dei nye måla for berekraft danne kjernen i ein global utviklingsagenda for perioden etter 2015.

Trygve Ølfarnes, visedirektør i FNs utviklingsprogram (UNDP) i Norden, fortel at FN har gått breiare ut enn nokon gong før i arbeidet med dei nye måla. Dei har trekt inn både privatpersonar og organisasjonar, og på nettet har ikkje mindre enn to millionar menneske fått seie si meining.

– Det har vore ein radikalt mykje meir inkluderande prosess enn det som tidlegare har vore teknisk mogleg, seier Ølfarnes til NTB. (©NPK) (©NTB)