≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: språk, kvensk

Ber regjeringa om hjelp

Det kvenske språket skal reddast. Tromsø-ordførar Jens Johan Hjort ber regjeringa om hjelp.

Anders Veberg
torsdag 8. januar 2015 08.19

Ber regjeringa om hjelp Tromsø-ordførar Jens Johan Hjort (H) vart utfordra av Kvensk Ungdomsnettverk til å vera med på å redda det kvenske språket. Han tok utfordringa vidare til regjeringa. Foto: Skjermdump frå musikkvideoen «Være en kven»

Den kvenske nettavisa Ruijan Kaiku skriv om ordførar i Tromsø, Jens Johan Hjort (H), som i ei pressemelding vender seg til regjeringa for å få hjelp til å redda det kvenske språket.

Kvensk, som er eit offisielt minoritetsspråk, ligg i dag på nivå II i Det europeiske språkcharteret. Målet til Hjort og fleire andre er å få språket opp til nivå III, som vil setta ulike krav til regjeringa om å halda språket levande.

LES OGSÅ: – Eg kan vera ein kven

Vil ta saka vidare
Hjort fortel at han var klar over at det kvenske språket var utfordra, men det var då Kvensk Ungdomsnettverk utfordra han til å vera med i musikkvideoen sin og ta saka vidare at han vart klar over kor alvorleg det faktisk var.

– Dette handlar om kulturhistoria vår, og ein brutal fornorskingsprosess som har gått ut over både samisk og kvensk kultur. Når uretten er gjort må ein legga seg i selen for å gjera det godt igjen.

Han har ikkje fått svar frå regjeringa, men det skuldar han på romjula. Han lovar likevel å ta saka vidare ved første høve.

– Eg får faktisk besøk av kulturminister Thorhild Widvey fleire gonger i den kommande månaden, og då kjem eg til å ta opp dette med ho. Kvensk vart eit offisielt nasjonalt minoritetsspråk i 2005, og det hadde vore fint om Widvey kunne vera den som løftar språket opp.

Hjort, som sjølv er Høgre-mann, seier at dette ikkje er eit teikn på at han ikkje er nøgd med den sitjande regjeringa.

– På ingen måte. Dette er ei oppfordring om å gjera noko annleis og betre enn den førre regjeringa. Det er jo ikkje den sitjande regjeringa som har ansvaret for fornorskingsprosessen. Men om ein ikkje gjer noko no er faren stor for at det kvenske språket vil døy. Eg håpar Erna Solberg og Thorhild Widvey tek denne moglegheita.

Gjennom kontakten med kvensk ungdom har Hjort blitt imponert over engasjementet.

– Eg ser at unge kvenar er veldig opptekne av å redda språket og kulturen sin, og ingenting er hyggelegare enn det. Når ei slik innstilling er på plass blant dei som faktisk skal bruka språket, er det ekstra viktig at noko blir gjort.

LES OGSÅ: Oppfordrar andre til å få samiske og kvenske namn

Lovar ingenting
Det kvenske språket er eit offisielt nasjonalt minoritetsspråk, Regjeringa allereie har sett i gang fleire tiltak for å styrka det kvenske språket, ifølgje statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet. Han legg til at engasjementet til Hjort og dei andre som kjempar for det kvenske språket blir ønska velkommen.

I faktaboksen kan du sjå ei liste over tiltaka Kulturdepartementet har gjort.

– Revitalisering av kvensk språk er ein viktig del av språkpolitikken. At kvensk er omfatta av av del II i språkpakta, betyr at staten har folkerettslege pliktar til å setja i verk tiltak som støttar kvensk språk.

Borgundvaag fortel at Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny språklov, og at dei i denne vil foreslå å lovfesta statusen til kvensk språk og det offentlege ansvaret for å fremja det. Men han kan ikkje lova noko om å løfta kvensk til nivå III i språkcharteret.

– Om me skal forplikta oss på dette nivået, er det naudsynt med kunnskap i kvensk i mange sektorar. Difor må ein rekna med å ta tida til hjelp.

Borgundvaag presiserer og at språkcharteret sitt nivå II ikkje set nokon grenser for kva positive tiltak ei regjering kan gjera, og at Regjeringa støttar det lokale arbeidet som blir gjort for å utvikla kvensk.

LES OGSÅ: «Snakk samisk t'mæ» - om flørting på samisk

Ikkje finsk
Kven kvenane eigentleg er, er ikkje eit lett spørsmål å svara på. Opphavleg er begrepet brukt på dei finsk-ætta som kom til Nord-Noreg frå grensa mellom Finland og Russland, men mange finsk-ætta føretrekk å bli kalla nettopp det – finsk-ætta – framfor kvenske. Det skriv Norske Kveners Forbund, eller Ruijan Kveeniliitto (NKF/RK) på sine heimesider.

Språket er difor i slekt med finsk – men det er ikkje same språk. Det forklarte dagleg leiar for Kvensk institutt, Hilde Skanke, til ABC Nyheter i sommar.

– Det finske språket er normert, stadfesta og definert. Det er ikkje kvensk. Kvenar og finnar kan forstå kvarandre, men det same ordet kan ha heilt ulik tyding, seier Skanke til ABC Nyheter.

I dette ligg mykje av kjerneproblematikken rundt kvensk – det er ikkje normert, har ikkje ei ordbok, og det er få institusjonar som har opplæring i språket.

LES OGSÅ: Orda som bind oss saman

Veit for lite
– Det å vera nordnorsk og å ikkje ha høyrt om kvenane, er jo veldig spesielt. Men slik er det for mange, seier Nora Marie Ollila, leiar i Kvensk Ungdomsnettverk, eller Kveeninuoret.

Ho og resten av Kveeninuoret laga nyleg ein song og musikkvideo for å få meir merksemd rundt kvensk. No skal dei ut på ein skuleturné i Troms og Finnmark, der det heller ikkje er mange som kjenner historia til kvenane, ifølgje Ollila.

Ho stiller seg bak ønskjet til Hjort om å få løfta statusen til det kvenske språket

– Det kvenske språket er i ein veldig sårbar situasjon no, og me må handla raskt om me ønskjer å halda språket vårt i live. For å hindra at kvensk språk døyr ut, er det heilt naudsynt  å heva det til nivå tre i det europeiske språkcharteret. Det vil nok vera avgjerande for om me har eit kvensk språk i det heile om 50 år, seier Ollila.

LES OGSÅ: Ein av fem blir oppmoda til målbyte


Oppdatert: torsdag 8. januar 2015 17.52
Kommentarar

Ber regjeringa om hjelp
– Dette er ei oppfordring om å gjera noko annleis og betre enn den førre regjeringa. Det er jo ikkje den sitjande regjeringa som har ansvaret for fornorskingsprosessen, seier Tromsø-ordførar Jens Johan Hjort. Foto: Tromsø kommune

Ber regjeringa om hjelp
Statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H), fortel at regjeringa jobbar med ei ny språklov, der dei vil lovfesta statusen til det kvenske språket. Foto: Høgre

Faktaboks

Dette har regjeringa gjort for det kvenske språket:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet auka løyvingane til kvenske formål med ein million kroner til 3,6 millionar kroner.

Ein tilskotspost er oppretta, som kvenske interesser kan søka midlar frå.

Kvensk institutt fekk 500 000 kroner i haust frå Kulturdepartementet for å laga språkreir i barnehagane.

Instituttet får og om lag fem millionar kroner i driftsstønad frå Kulturdepartementet.

Den kvenske avisa Ruijan Kaiku får og årleg stønad frå Kulturdepartement.

Arbeidet med ei ny språklov er i gang, der det skal bli foreslått å lovfesta statusen til det kvenske språket og eit offentleg ansvar for å fremja språket.

Kjelde: Kulturdepartementet.

 
ANNONSE: