Ber jegerar ta meir ansvar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no

Lovverket seier klart og tydeleg at jegerar har ettersøksplikt av storvilt, og midt i reinsjakta minner dei no om denne plikta.

Den som under jakt eller forsøk på felling skadeskyt storvilt eller kongeørn er plikta til å gjera det ein kan for å avliva dyret snarast mogleg. 

Jegeren er plikta til å forvissa seg om at dyret er truffe eller ei. Blant anna skal ikkje jegeren eller jaktlaget oppta jakt på nye dyr medan denne søket pågår, noko det skal utover dagen. 

– Dette registrerer jaktoppsynet at det ikkje vert følgt godt nok opp av jegerane. Ved reinsjakt er dette det viktigaste tiltaket jeger kan gjera, samt informera andre jegerar i nærområdet at rein er påskote og kan vera skadd, skriv SNO i ei pressemelding.

– Om jaktoppsynet registrerer at jeger ikkje kontrollerer skotplass, vert det oppretta sak og tilhøvet vert rapportert til politiet.