Ber imamar ta avstand

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utspelet får kritikk frå Islamsk Råd.

Terrorangrep frå islamistar er framleis den største trusselen mot Noreg, ifølgje Politiets tryggingsteneste (PST). Bjørnland meiner muslimske leiarar i Noreg tydelegare bør ta avstand frå dei norske ekstremistane, melder NRK.

– Eg ønskjer meg at fleire religiøse leiarar gir uttrykk for at ekstreme haldningar ikkje er ønskte, seier ho.

Islamsk Råd Norge meiner PST-sjefens utspel er heilt feil.

LES OGSÅ: Små steg mot endring

– Ho veit ikkje kva ho snakkar om. Det er ein alvorleg påstand som skuldar norske imamar for å bidra til å fremje ekstremisme, svarer generalsekretær Mehtab Afsar.

Han påpeiker at Islamsk Råd fleire gonger har fordømt religiøs ekstremisme gjennom nettsidene sine.

– Vi har tru på dialog i staden for å gå ut og fordømme kvar gong sånne ting skjer. Sjølvsagt gjer vi det, men det er viktig å forstå då at vi er i dialog med dei ungdommane som blir sett på som vanskelege i det norske samfunnet, seier Afsar, som meiner at dette også gir gode resultat.

– Mange av dei har forstått at dei ikkje kan fortsette med den type argumentasjon, seier Afsar. 

LES OGSÅ: Bachelor for etterretning