Basso-bloggen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Aina Basso unngår å blogga negativt om forfattarkollegaar. Plutseleg står dei på same scene.

Aina Basso byrja bloggen sin under namnet Flimre i 2006. Den gong var ho nettopp flytta til Oslo for å byrje i sin første jobb etter endt utdanning i Trondheim

– Eg kjende meg kanskje litt einsam i storbyen. Og så hadde eg vel eit uttrykksbehov eg ikkje fekk fylt i arbeidslivet. Dette var to år før eg debuterte som forfattar, skriv 35-åringen i ein epost til Framtida.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Betre blogging før i tida
Etter forfattardebuten skifta bloggen namn og no heiter både bloggen og bloggaren Aina Basso. Denne veka er dei nominerte til Verdas beste nynorske blogg.

Med overgangen frå Flimre skrella Basso vekk det ho kallar «ein del tøys»og innhaldet blei meir litteraturfokusert, forklarar forfattaren i ein epost til Framtida.

– Kva har du lært om blogging sidan den gong?

– Det aller meste. Viktigaste lærdomen er kanskje å ikkje skrive altfor lange innlegg og å freiste kommunisere med lesaren gjennom det ein skriv, svarar Basso, som ikkje var ein ivrig blogglesar sjølv.

– Eg trur ikkje eg hadde lese så veldig mange bloggar før eg byrja min eigen, men eg hugsar eg likte veldig godt Olaug Nilssen sin, «Skoddeheimen», som ho no har starta opp att, og ein blogg som Agnes Ravatn hadde saman med nokon – eller alle? – frå «Ikke til hjemlån»-gjengen, viss eg hugsar rett. Ja, og så hadde Ragnar Hovland ein blogg på den tida, også. Det var gode tider for blogging.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Forfattarkvardagen
For Basso handlar det å blogge mest av om overskot, eller om å ha tid til å kjede seg nok til å finne på eitkvart å underhalde seg med.

Sjølv skildrar ho bloggen som ein miks av ei heimeside og ein blogg, der nyhende frå hennar eige forfattarskap vert blanda med omtalar av bøker, seriar og filmar, som har gjort inntrykk på forfattaren.

Basso medgjev at bloggen har færre lesarar no, enn i glansdagane. Men ho skuldar ingen andre enn seg sjølv.

Og sidan det mest lesne innlegget hennar er eit utdrag frå den siste romanen «Finne ly», står det nok ikkje så verst til verken med forfattarskapet eller bloggen.

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda

Bloggterskelen
– Kva får du ut på bloggen, som ikkje får ut som forfattar?

– Det er ei form eg ikkje har noko anna medium for. Eg har tidlegare skrive spalter i aviser, der eg har hatt fritt spelerom, og desse har eg lagt ut på bloggen i etterkant, men eg kunne nok ikkje ha skrive dei for bloggen, til det er dei på eit vis for uttenkte. Det beste med å ha ein blogg er å kunne skrive noko spontant om det som skjer akkurat no, eller det ein tenker akkurat no, at ein ikkje treng å ha så høg terskel for å legge ut noko. Ein blogg er lausare i snippen enn andre medium og det er noko eg liker. 

– Er det noko du ikkje kunne blogga om?

– Eg skriv ikkje lenger negative omtalar av andre – særleg ikkje norske – forfattarar sine bøker, rett og slett fordi eg opplever det som ukollegialt, og dessutan ubehageleg når ein plutseleg står i same rom med ein forfattar ein har skrive noko negativt om, og skal opp på same scene. Og det skjer før ein veit ordet av det.   

LES OGSÅ: Meir sexy av nynorsk

Gif-kjærleik
Og er det eitt tips ho vil gje vidare er det dette:

– Lag fleire gif-ar!

Og det er gif-ar, som er stikkordet for kva Basso sjølv kosar seg med på nett.

– Olga Ravn, den danske forfattaren, har ein blogg med fantastisk morosame gif-ar med 'bilettekstar' frå hennar opplevingar i litteraturverda. Ler meg ofte i hel av henne. Eg har også lese og kosa meg med Kristine Tofte sin blogg (som skiftar namn etter årstidene, men no heiter) Haustljosomtrent sidan eg starta å blogge sjølv. Og så liker eg godt Kulturbloggen til Guffen, avsluttar bloggforfattaren.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)