Barneombodet etterlyser fleire mobbeklager

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneombodet vil ha fleire mobbeklager

Det er Fylkesmannen i dei enkelte fylka som har ansvaret for å sørgje for at norske skular handterer mobbing. I Oslo og Akershus har det i år vore ei seksdobling av talet på klager på mobbesaker, men framleis er det forsvinnande få som klager tiltak eller manglande tiltak frå skulane inn til Fylkesmannen, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Meir angst med digital mobbing

– Eg tenkjer at det er vanskeleg å unngå at fylkesmennene får inn fleire klager. Framleis er talet veldig lågt. Fleire bagatelliserer saker, har ikkje gode nok system, og ikkje alle skular er knytt til antimobbeprogram eller er med på kampanjar som verkar, seier spesialrådgivar Janicke Sæther Olsen hos Barneombodet til avisa.

Ho fortel at dei dagleg får inn ein lang rekkje klager. Og ifølgje Elevundersøkinga opplever 16.000 norske skuleelevar å bli mobba to-tre gonger i månaden.

Tidlegare i haust avslørte TV 2 at berre 134 mobbesaker i Noreg vart ettergått i fjor. I Sverige, der eit nasjonalt ombod har jobben med å sørgje for at mobbing i skulane blir etterforska, var talet på over 1.300.

Tidlegare i år foreslo det såkalla Djupedal-utvalet at Barneombodet kunne få rolla som nasjonal høyringsinstans i mobbesaker her til lands. Regjeringa har forslaget til vurdering. (©NPK)

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat