Bangladash satsar hardt på solkraft

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile landet på solkraft

Bangladesh, landet med det åttande største folketalet i verda, har sett i gang ei storssatsing på solkraft. Målet er å gi straum til alle heimar i Bangladesh innan 2021, ved å satsa på solkraft, melder Reuters.

LES OGSÅ: – Verdas rikaste prosent eig snart meir enn resten

Fleire små samfunn i landet er utanfor kraftnettet, og har difor måtte levd utan straum i lang tid. Det har hatt store konsekvensar, og held utviklinga i landet tilbake – utan straum er ein avhengige av dagslys for å driva med handel eller lekselesing.

No fokuserer storsatsinga på solpanel på taket – Solar Home Systems (SHS) – og regjeringa har fått pengestøtte frå Verdsbanken for å setta så mange som mogleg av desse på taket til heimar i Bangladesh. Til no er 15 millionar heimar i Bangladesh utstyrt, og 6 millionar nye skal etter planen få panel på taket innan 2017.

Denne videoen frå UNESCO syner korleis elektrisiteten frå SHS kan påverka livet i ein landsby som til no har klart seg utan elektrisitet.

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten