Tema: AUF, Terroråtaket 22/7-2011

Avlyser Utøya-leir i sommar

– Praktisk umuleg å gjennomføra, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

Svein Olav B. Langåker
onsdag 22. februar 2012 09.25

Avlyser Utøya-leir i sommar Flagg og blomar på fastlandssida, med utsikt til Utøya. FOTO: NRKBeta/Flickr/CC-lisens

Det er no klart at AUF ikkje vil halda ein tradisjonell sommarleir på Utøya i år. I staden vil dei arrangera ein verdig markering av 22. juli. Organisasjonen er også klare på at det vil bli høve for dei som ønskjer det til å besøka Utøya i vår og sommar.

– Det er praktisk umuleg, og kjennest ikkje rett å ha ein heilt vanleg sommarleir på Utøya i år. Men me garanterer at me skal ha sommarleir på Utøya i framtida, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

Dagen etter terroråtaka sa han at AUF skal ta Utøya tilbake.

– Me skal ha ei rett og verdig markering den 22.juli i år. Me vil i tillegg leggja til rette for at alle som ønskjer det skal få besøka Utøya i vår, seier generalsekretær i AUF, Tonje Brenna.

AUF ønskjer å gå ut med litt informasjon nå, men ber om forståing for at dei ikkje har alle svar og detaljar på dette tidspunktet.

– Me opplever eit fantastisk aktivitetsnivå i heile AUF for tida. Det er viktig for oss at desse får dra til Utøya. Me er så utroleg stolte av alle medlemmane våre, både nye og gamle. Me skal sørgja for at desse får eit best muleg tilbod i 2012, sjølv om det blir eit spesielt år, avsluttar dei to i ei pressemelding.


Oppdatert: onsdag 22. februar 2012 09.28
Kommentarar 0

Avlyser Utøya-leir i sommar AUF-leiar Eskil Pedersen.