Aukande mangel på sjukepleiarar i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroa over mangel på sjukepleiarar

Bedriftsundersøkinga frå Nav kartlegg etterspørselen etter og mangelen på arbeidskraft. I undersøkinga kjem det fram at norske bedrifter manglar til saman 33.800 personar. Det er ein auke på over 20 prosent frå i fjor. Størst er mangelen på arbeidskraft i hovudstaden, med 7.900 personar.

Innan helse- og sosialtenester, og bygg- og anleggsverksemd, er det stor mangel på arbeidskraft. Når det gjeld enkeltyrke er det særleg mangel på sjukepleiarar.

– Dette er alvorleg for pasientane og no må regjeringa ta grep som verkeleg monnar. Både noverande og framtidige pasientar har behov for eit sjukepleiarløft, skriv forbundsleiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund i ei pressemelding.

I fjor var det særs gode søkjartal til sjukepleiarutdanninga, då nesten 15.000 søkjarar søkte på 4.500 studieplassar.

Sykepleierforbundet er likevel uroa og viser til at det manglar 3.600 sjukepleiarar, ein oppgang på 250 personar på eitt år. Størst er mangelen i Nord-Noreg.

– For meg blir dette eit bevis på at politikarane gjer for lite, og ikkje evnar å stoppe den stigande mangelen på sjukepleiarar. Vi må sørgje for at det blir gode lønns- og arbeidsvilkår med gode fagmiljø og fleire heiltidsstillingar for sjukepleiarane, seier By.

Regjeringa vil på si side styrke sjukepleiarutdanninga gjennom strengare opptakskrav. Førre månad lanserte dei eit forslag om at alle sjukepleiarstudentar må ha minimum 35 skulepoeng og karakteren tre i matematikk.

 

LES INNLEGGET: – Er det ikkje på tide at eldreomsorgen får nokon godord?

Ragnhild Prestbø (22) trur negativ mediemerksemd skremmer unge frå å satsa på eldreomsorg.