August klart varmare enn normalt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I snitt låg månadstemperaturen for heile landet 1,8 grader over normalen. Høgste temperatur vart målt på målestasjonen Brusevatn II i Ålesund den 19. august. Kvikksølvet på gradestokken stoppa på 29,2 grader. Lågaste temperatur var hutrande minus 3,7 grader på Filefjell 1. august.

LES OGSÅ: 2014 varmaste året nokosinne

Varmast snittemperatur finn vi på Færder fyr i Tjøme kommune i Vestfold, der temperaturen låg på herlege 17,5 grader i snitt – 1,3 prosent over normalen.

Relativt sett var det likevel varmast i Møre og Romsdal med heile 3– 4 graders avvik. Bingsa målestasjon i Ålesund kan vise til ein augusttemperatur på 17,4 grader, medan Sunndalsøra III ligg desimalen under og heile 3,7 grader over normalen i august.

Strømtangen fyr i Fredrikstad ligg 1,4 over normalen med 17,2 grader, medan det på Værnes i Stjørdal vart målt 17,1 grad i august, solide 3,8 grader over normalen. Like varmt var det på Sola i Rogaland, ein temperatur som låg 2,7 grader høgare enn det som vert sett på som normaltemperaturen.

LES OGSÅ: Varmaste mai i manns minne

Dei kaldaste målingane vart ikkje uventa gjort høgt til fjells. Juvasshøe på 1.894 meter over havet målte ein augusttemperatur på 4,9 grader, men også her var det litt varmare enn det som vert rekna som normaltemperatur for månaden – 1,6 grader varmare.

Sand i Ryfylke toppar den lite flatterande nedbørsstatistikken for august, med 341,9 millimeter – nesten 200 prosent over normalen. Her vart også døgnrekorden sett, med formidable 91,6 millimeter nedbør søndag 30. august.

I den andre enden av skalaen finn vi Skjåk i Oppland der det ikkje fall meir enn 15,5 millimeter gjennom heile førre månad. (©NPK)

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar