Asylsøkjarar får læra om dugnad og barnebursdag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Asylsøkjarar får læra om dugnad

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) har tidlegare sagt at kurset skal lære asylsøkjarar om «norsk folkeskikk». Ifølgje Vårt Land inneheld den ferske læreplanen fag som naboskap, dugnad, forholdet til tid, samhandling mellom kjønn, barnebursdagar, rettane til kvinner, religionsfridom, deltaking i arbeidslivet, likestilling og felles verdiar i Noreg.

– Mange kjem frå land som er heilt annleis enn Noreg. Det er viktig at dei som kjem til Noreg, og som uansett vil vere her ein viss tid, veit kva for lover, regler, verdiar og kultur som gjeld her i landet. Det er få, om nokon, som legger igjen haldningar og verdiar på grensa, seier Listhaug.

Det er kommunane som huser asylmottak som skal legge til rette for kursa, og dei får 3.700 kroner i støtte frå Justisdepartementet for kvar deltakar. Kursa er frivillige, og asylsøkjarar har ingen lovfesta rett eller plikt til å ta del i opplæringa, opplyser Listhaug.