Asylpolitisk eksamen

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Born født og oppvaksen i Noreg blir tatt bort frå staden dei kallar heim, satt på fly til eit land der dei ikkje har venner og ikkje kan språket. Dette er resultatet av norsk asylpolitikk slik han blir praktisert i dag. For tida går ei av desse ungane si sak i høgsterett, denne gangen gjeld det framtida til sju år gamle Nathan.

Problemet med den sittande regjeringa er ikkje måla dei set seg, men kva dei faktisk gjer. Det beste dømet på dette er då regjeringa la fram stortingsmeldinga «Barn på flukt». Raudgrøne politikarar uttalte at norsk asylpolitikk ikkje var god nok, og at barnets beste måtte vege tyngre i vurderinga av opphald. Men då meldinga kom blei det med orda. Terje Sjeggestad, som var leiar i Utlendingsnemnda på denne tida sa at dersom ein ønska endra politikk måtte ein også endre forskrifter. Derfor la KrF og Venstre fram forslag om å endre forskriftene – regjeringa stemte det ned. Tre månadar seinare godtok Høgsterett utsendinga av to born født og oppvakse i Noreg; Verona Delic og Mahdi Shabazi. Dette var ein asylpolitisk eksamen, og regjeringa strauk.

450 barn har budd meir enn tre år på norske asylmottak, 26 i meir enn sju år. Når deira opphaldssaker blir handsama, er det ifølgje norsk lov to moment som vegast mot einannan; barnets beste og «innvandringsregulerande hensyn». Eg trur noko av testen på Noreg er eit menneskeverdig samfunn er nettopp korleis vi veg dei to momenta. Nelson Mandela seier at «det ikkje finst nokon betre test for eit samfunn si sjel enn korleis det behandlar sine barn». Det er godt sagt, og eit sterkt poeng. FN sin barnekonvensjon seier at barnets beste skal vere «a primary consideration». KrF sitt krav er at dette blir reflektert i norsk lov.

Overraskande få har tenkt over kva farge ein eigentleg får om ein blandar raudt og grønt. Svaret er ein litt ekkel brunfarge. Eit samfunn som er så rikt og godt som vårt burde ikkje la «innvandringsregulerande hensyn» komme i vegen for barns rettar. I så fall endar vi opp med ein litt ekkel og brun asylpolitikk. Dette handlar om å sette menneske framfor system. Derfor heiar eg på Nathan!