Asylbarn tøyer kapasiteten til barnevernet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neste år kan talet auke med fleire tusen, skriv Klassekampen, som har henta inn ferske tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Alle einslege flyktningar under 15 år er ansvaret til barnevernet. UDI har ansvar for gruppa mellom 15 og 18 år. Til no i år er det komne vel 4.500 einslege asylsøkjarar under 18 år. Rundt 20 prosent av er under 15 år.

Norsk barnevern er ikkje i nærleiken av å ha kapasitet til å ta imot alle barna som no kjem til Noreg. Talet på nytilkomne asylbarn under 15 år har auka frå 180 i fjor til 780 så langt i år, og UDI har rekna ut at det ved utgangen av 2016 kan vere behov for plass til 4.700 asylbarn på norske barneheimar.

LES OGSÅ: «Svært få kommunar er interessert i barna som flyktar»

Det er ein krevjande situasjon
Desse barna har krav på plassering i eigne omsorgsinstitusjonar der dei blir kartlagt og blir behandla for traume, mens barnevernet leiter etter eigna fosterforeldre. Ifølgje Klassekampen er 169 av asylbarna no innlosjert på statlege mottaksplassar, mens resten bur i privatdrivne omsorgssenter.

– Det er ein krevjande situasjon, men med god innsats frå Bufdir og private aktørar har vi så langt klart å finne tilstrekkeleg kapasitet, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp).

Forutan dei mindreårige asylsøkjarane er det til kvar tid rundt 1.000 barn i norske barnevernsinstitusjonar. Dermed vil asylbarna truleg vere i fleirtal på norske barneheimar i 2016.

LES OGSÅ: Du gjer meg kvalm