Arbeidsgjevar vil ha fagbrev – ikkje master

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fagbrev, ikkje mastergrad

Tala kjem fram i NHOs kompetansebarometer, basert på ei spørjeundersøking blant dei over 20.000 medlemsverksemdene i organisasjonen. 26 prosent av verksemdene svarte på undersøkinga, skriv Adresseavisen.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

– Vi må vere veldig tydelege på behovet for fagarbeidarar framover, for det blir ikkje mindre. Tvert imot. Og foreldra må også ta eit ansvar for å motivere sine unge håpefulle til å ta fagbrev, seier regiondirektør Merethe Storødegård i NHO Trøndelag.

– Nokon skal byggje landet også, så det er ikkje rart at verksemdene spør etter fagbrev.

Undersøkinga viser kor stor del av medlemsverksemdene som etterlyser ulik kompetanse, men seier ikkje noko om hvor mange personar med fagbrev – eller mastergrad – verksemdene ser for seg å tilsetje dei nærmaste åra. Kompetansebehovet varierer også med storleiken på verksemdene.

– Vi ser at dei store verksemdene spør etter høgare utdanning, men næringslivet består jo i all hovudsak av små og mellomstore verksemder, og ein stor del av dei er handverksverksemder, forklarar Storødegård.

LES OGSÅ: Studieframtida er på nett