≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Musikk

Aqua-comeback utseld

– Har vist seg å vere den beste bookinga vi nokon gong har gjort, seier arrangørane av «We Love The 90s».

NPK
fredag 17. februar 2017 10.10

Aqua-comeback utseld Norske Lene Nystrøm (42) saman med danskane frå venstre Claus Norreen (46), René Dif (49) og Søren Rasted (47). Pressefoto

Aqua gjer comeback og blir blant anna å sjå som headliner når «We Love The 90s»-konseptet køyrer inn i landet i april. Då blir det konsert i Bergen (29. april), Stavanger (28. april) og på Fornebu Stadion utanfor Oslo (22. april).

Arrangørane melder om rekordsal – og Bergenshallen er rett og slett utseld ti veker før showet.

– Aqua-comebacket har vist seg å vere den beste bookinga vi nokon gong har gjort. Billettsalet er rekordhøgt og vi trur det er sannsynleg å selje ut showa i Stavanger og Fornebu Stadion også, skriv dei håpefulle arrangørane Chris Collings og Thomas Borgvang i ei pressemelding.

Blant andre artistar som bidreg er boybandet East 17, Paradisio og E-Type. Totalt 14 artistar skal skape 90-talsstemning.

I fjor var det ti år sidan Aqua sleppte hitlåta Barbie Girl


Oppdatert: fredag 17. februar 2017 10.36
Kommentarar



 
ANNONSE: