Ap vil vurdere eit tredje kjønnsalternativ

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan gå inn for tredje kjønn

– Dei menneska som verken definerer seg som mann eller kvinne vil no få ei juridisk moglegheit til å få eit tredje kjønn, seier AUF-leiar Mani Hussaini til NRK.

«Vi skal vurdere å innføre ein tredje kjønnskategori» står det i utkastet til nytt partiprogram for 2017–2021 Arbeidarpartiet. I april i fjor foreslo Venstre å innføre eit tredje kjønnsalternativ, men då var det berre SV og MDG som støtta forslaget på Stortinget. 

Senterungdommen vedtok på sitt landsmøte i november at det bør innførast eit tredje kjønnsalternativ. 

– Eg opplever at det er ein bevegelse. Når landets største parti opnar for dette så reknar eg med at alle dei andre følgjer etter, uttalar Hussaini til NRK.

Les meir om kjønn.