Ap-retorikk, lut og kaldt vatn

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om under 100 dagar har det norske folk vald eit nytt Storting, som skal velja ei regjering. Eg tykkjer, ikkje overraskande kanskje, at Høgre sitt valkampslagord er skildrande for kva folket har å velja mellom; 12 år med raudgrønt styre eller ei borgarleg regjering med nye idear og betre løysingar. Dette tykkjer eg har kome fram i veka som har gått.

Førre helg hadde FrP, som det siste partiet i rekkja, sitt landsmøte. Der heldt Siv Jensen ei tale som har vorte diskutert mykje etterpå. I tala prata Jensen om den norske modellen, og gjentok ved fleire høve «da står den norske modellen i vegen for det norske folk». Dette har fått dei tre sosialistiske partia til å rase. «Dette er eit hån mot velferdsstaten», «Jensen fortset å prate Noreg ned» osv. Eg er heilt usamd. Eg meiner Siv Jensen heldt ei knakande god tale. Dersom ein ser på kva ho eigentleg sa, var ikkje det angrep på velferdssamfunnet. Tvert imot – ho påpeika ein del områder kor systemet står i vegen for menneska – som til dømes når 270.000 menneske står i helsekø medan private aktørar har kompetanse og kapasitet, eller når eit tjuetals instansar har rett til å retta motsegner mot ein kommuneplan osv.

Mykje av det Jensen påpeika i si politiske tale, var område der sosialistane har køyrd seg fast i si eiga ideologiske grøft. Det er ikkje dei borgarlege partia som er oppteke av private sjukehus, fordi vi på liv og daude vil ha det – det er sosialistane som er oppteke av private sjukehus fordi dei på liv og daude ikkje vil ha det. Den som påpeikar at ein politisk styringsmodell ikkje tillét at gode krefter slepp til, pratar ikkje Noreg ned eller hånar velferdsstaten. Dette var god politisk retorikk.

Med ei lettare sarkastiske undertone rosa Stoltenberg Jensen i politisk kvarter for å vera ærleg med grepa ho og FrP ville gjera med den norske modellen – og fortsette med å fortelja korleis FrP ville rasere velferdssamfunnet. Kanskje kjende statsministeren også her at han sto på barrikadane for det norske folk når dei forferdelege, borgarlege partia sto på trappa. Ut ifrå meiningsmålingar ser det ut som om veljarane ser seg heller samde i det Ingvild Næss Stub så treffande skreiv i Minerva: «Kjære Jens – du er ikkje Norge».