Anastacia til Tysnesfest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

Kva har Milan, Paris, Madrid, London, Berlin og Tysnes til felles? Jau, alle vert vitja av popstjerna Anastacia i år.

Attraktiv festival
Laurdag 9. juli blir den einaste sjansen til å få med seg songstjerna Anastacia på scena i Norge i 2016. Og det er ikkje tilfeldig. For Tysnesfest fekk faktisk tilbod om å tilføya det internasjonale namnet til lista over årets artistar.

– Me fekk ein telefon med spørsmål om me ville at ho skulle opptre hos oss. Det er jo litt kult, og seier litt om at me blir sett på som ein attraktiv festival, seier festivalsjef Sigvard Madsen.

I 2005 fylte Anastacia Koengen i Bergen, og i fjor opptredde ho i Harstad, på BAKgården-festivalen, og på Rockefeller i Oslo. Ho får stadig gode kritikkar for konsertane sine, og i sommar kan altså festivalgåarane på Tysnesfest få oppleva den vesle kruttønna på scena.

– Dette blir eit eventyr. Val av artistar har litt med «feel good-stemninga» å gjera, og Anastacia er ein kvalitetsartist som me trur vil passa inn på Tysnesfest, seier festivalsjefen.

LES OGSÅ: Vestlandet på festivaltoppen

Tilbake frå sjukdom
Karrieren til Anastacia starta i 2000, med debutalbumet «Not That Kind», og deretter kom albuma som perler på ei snor. Det gjorde også slagerane, deriblant «All Outta Love», «Left Outside Alone», «One Day in Your Life» og «Sick and Tired».

47 år gamle Anastacia har vore aktiv songar i over 25 år, men har på denne tida opplevd å få både ein hjartesjukdom, og ikkje minst brystkreft to gongar. Den andre diagnosen kom rett etter at ho gav ut albumet «It’s a Man’s World» i 2012. Det neste albumet, som kom i 2014, fekk det passande namnet «Resurrection».

Anastacia har i løpet av karrieren seld 30 millionar album på verdsbasis. Ho har i tillegg vunne prisar som MTV Europe Music Award for «Best Pop», World Music Award for «Best New Artist» (2001) og ECHO Awards for «Best International Newcomer» og «Best International Female Singer».

I november 2015 gav ho ut albumet «Ultimate Collection», med nye og gamle låtar, og turnerer i 2016 i Europa.

LES OGSÅ: Festivalar skaper store ringverknadar