≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Musikk, Festival, Tysnesfest

Amy Macdonald til Tysnesfest

Denne veka annonserte festivalen at dei har booka stjerna bak megahiten «This is the life».

Andrea Rygg Nøttveit
laurdag 18. februar 2017 13.41

Amy Macdonald til Tysnesfest Den skotske songaren og låtskrivaren Amy Macdonald er albumaktuell med «Under stars». Pressefoto

Amy Macdonald lanserte fredag denne veka sitt nye album «Under stars». Same dag annonserte Tysnesfest at Macdonald kjem til årets festival, som vert arrangert 12.-16. juli.

Den skotske låtskrivaren og songaren Amy Macdonald (29) har solgt ni millionar album. I 2007 gjorde ho braksuksess med debutalbum «This Is The Life», der tittelsporet vart ein megahit.

Skotten speler på Gjerstad arena laurdag 15. juli, same dag som verdsstjerna Alan Walker.

I tillegg kjem artistane Vazelina Bilopphøggers, Highasakite, Sivert Høyem, Astrid S, Staysman & Lazz + Katastrofe, deLillos, Kim Larsen, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Sophie Elise - Vegard Harm og Joakim Kleve, Gunslingers, Ausekarane, Familieforetaket og De Musikalske Dvergene.


Oppdatert: laurdag 18. februar 2017 13.45
Kommentarar



 
ANNONSE: