Alle vil ha tilflytting

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 8 av 10 distriktskommunar arbeider aktivt for å trekkje til seg tilflyttarar, men få lukkast, melder NPK.

– Dei fleste kommunar vil ha nytte av å stoppe opp og tenkje gjennom tilflyttingsarbeidet sitt, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret som står bak undersøkinga.

Trass i at «alle» kommunar driv med tilflyttingsarbeid, er det få som flyttar på grunn av denne aktiviteten. Det største problemet er at dei fleste satsar på generelle målgrupper som «alle», barnefamiliar, tilbakeflyttarar og arbeidskraft generelt.

Dei som arbeider målretta mot utvalde grupper har best resultat, viser ny studie.

Kven treng vi?
Holmli meiner kommunane må finne ut kven dei vil ha og satse målretta mot spissa grupper.

– For å gjere det valet, må kommunane slutte å synse og gjere ein enkel analyse av behova på staden og behova til tilflyttarane. Då vil dei kunne treffe med tiltaka og få tilflyttingsarbeidet til å virke, seier han.

Som døme på satsing på konkrete målgrupper som verkar, nemner Distriktssenteret Rauma som har vendt seg til nederlandske livsstilsflyttarar eller friluftsinteresserte, Sogndal som har satsa på dei som jaktar på den beste snøen og Hardanger som har etterlyst kunstnarar.

Det gode liv
Kommunane må så leggje til rette for dei spesifikke gruppene og fortelje dei kva dei har å tilby. Det er viktig med ei positiv vinkling.

– Å signalisere desperasjon: «SOS, vi søkk», gjer ikkje staden attraktiv og eigna som framtidig bustad. Tilflyttingsprosjekta må kommunisere at «Dette kan vere eit godt liv for deg». Samtidig må ein vere ærleg og ikkje overselje staden, seier forskarane Gro Marit Grimsrud og Marit Aure, som har skrive rapporten.

Distriktssenteret har samla tilflyttingstiltaka dei har funne i studien, i ein katalog. Fem tiltak er studert i detalj: Tilflyttingsteamet i Dyrøy, Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark, Flytt til Hardanger, Bratt moro og andre tiltak i Sogndal, og Placementsamarbeid. ©NPK

LES OGSÅ: Yngstemann mot straumen