Alkohol har ikkje positiv helseeffekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire observasjonsstudium har konkluderte med at personar med moderat alkoholkonsum har betre helse enn både dei som drikk mykje og dei som aldri drikk. Den nye studien, ein tvillingstudie frå Folkehelseinstituttet, publisert i BMC Public Health , fann derimot ikkje at det var sunnare å drikke enn å la vere.

Målte sjukefråværet
Den nye studien samanliknar einegga tvillingar, der den eine drikk innimellom, medan den andre er avhaldande eller drikk sjeldan. Helse er målt i kor mykje sjukefråvær dei har. Einegga tvillingar er identiske.

– Viss det hadde vore ein reell helsegevinst ved å drikke, ville ein forventa at den tvillingen som drakk moderat, hadde lågare sjukefråvær enn sin ikkje-drikkande tvilling, seier lege og forskar Kristian Amundsen Østby ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Slik var det ikkje.

Klype salt
Korleis kan det då ha seg at observasjonsstudia viser at å nyte eit glas vin om dagen er sunnare enn å la vere?

Det er mange tenkjelege og utenkjelege faktorar som spelar inn. Alkoholbruk er eit sosialt fenomen som heng saman med så mykje anna. Blant anna veit vi at dei som drikk moderat også trenar meir og et sunnare enn dei som ikkje drikk, seier Østby.

Han er forsiktig med å slå fast noko om sunnheitsgrada ved moderat alkoholinntak:

– Den viktigaste bodskapen er at ein ikkje kan stole på resultat frå observasjonsstudium når ein ser på årsakssamanhengar. Dei må tolkast med ei stor klype salt. Dei er bra viss ein til dømes skal måle kor vanleg ein sjukdom er, men for å undersøkje årsakssamanhengar må ein gjere eit eksperiment. Ein tvillingstudie liknar meir på eit eksperiment enn det vanlege undersøkingar gjer.

Fordelen
Den ultimate måten å sjekke om alkohol er sunt på, ville vere å ta to personar som var heilt like og sette den eine til å drikke alkohol og den andre til ikkje å drikke alkohol i det heile tatt. Deretter kunne ein undersøkt korleis det gjekk med helsa deira.

– Av naturlege årsaker er slike eksperiment verken praktisk, etisk eller juridisk gjennomførbare, seier Østby, men føyer til at å studere einegga, er nesten det same:

– Ikkje berre er dei genetisk identiske, dei har også vakse opp i same familie og dei har same sosioøkonomiske bakgrunn, peikar han på.

For dei som blir skuffa over tvillingstudien, er det berre å stikke kniven endå djupare: Resultatet til Østby er ikkje eineståande. Det er aukande semje blant alkoholforskarar om at tidlegare studiar kan ha gitt eit feilaktig bilete av helseeffektane til alkoholen, både The Lancet og British Medical Journal har dei siste åra åtvara mot å stole for sterkt på tidlegare studiar. (©NPK)