Framtida
Publisert
Oppdatert 11.06.2017 21:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan Google endre verda?

Få år etter at internett blei kommersielt, har den teknologiske utviklinga gått lynraskt.

I matematikken og i datahandsaming er ein algoritme ei nøyaktig skildring av korleis ein går fram for å løyse ei oppgåve. Algoritmen angir dei ulike trinna og rekkefølgja på løysinga – til dømes programmeringsspråket i eit datamaskinprogram.

Både Facebook og Google nyttar algoritmar for å auke trafikken og til å styre og velje ut kva slags nyhende og informasjon som når ut til flest.

– Å bruke algoritmar i journalistikken handlar om å finne og å fortelje historier. Eg forskar på truverda til desse algoritmane, seier Nicholas Diakopoulos.

Han er ein av verdas fremste forskarar på temaet, og har tatt turen til Bergen for å halde workshop om algoritmar tilpassa journalistikk. Sjølv har han bakgrunn innan datateknologi, og jobbar i mediesektoren i Washington DC.

Lyst å lære meir om temaet? Høyr BBC radio sin dokumentar «The Force of Google»!

Facebook klassifiserer informasjon
I nyhendestraumen på Facebook er det ofte aktivitet frå vener og familie som er mest synleg, men gjennom trendanalyser kan nettstaden styre personfiserte nyhende. Oppgåva til algoritmen er å finne det mest interessante innhaldet til brukaren.

– Facebook seier at dei vil skape kontakt mellom menneske og idear, og ikkje redigere informasjon. Men dette kan ikkje bevisast. Ein veit at visse ord og uttrykk kan fungere som triggarar i å få høgare rekkevidde, seier Diakopolous.

Til dømes er det større sjanse for at ein status som innheld ord som «excited», «big news», «happy to inform» og liknande, vil nå ut til fleire på Facebook.

Såkalla automatiserte avgjerder kan prioritere, filtrere, klassifisere og assosisere informasjon. Det er her «endre verda-poenget» kjem inn.

– Jo fleire politiske nyhende ein får i nyhendestraumen, jo meir sannsynleg er det at ein vil stemme ved val. Med andre ord kan Facebook ha makta til å avgjere stemmeprosentenseier Diakopoulos.

Etter å ha forska på korleis søkemotorar påverka det politiske valet til folk, åtvara forskar Robert Epstein i fjor om effekten på politiske val.

– Effekten er svær – så stor at han kan bli ganske farleg. Når mange val blir vunne med små marginar, viser resultata våre at søkemotorselskap har makta til å påverka resultata av eit stort tal val ustraffa, var oppsummeringa. Les meir her! 

Nicholas Diakopoulos Foto: Elise Løvereide
Amerikanske Nicholas Diakopoulos haldt foredrag om algoritmar for journalistar tysdag, i regi av Bergen Journalistlag. 

– Google er partisk
Diakopoulos trur ikkje folk flest veit at det er menneskelege redigerarar bak Facebook. Men kva slags maskinar som systematiserer informasjon hjå Facebook og Google, og kor smarte dei er, er førebels uvisst.

– Algoritmane finn ut kva saker folk snakkar om, og tar utgangspunkt i tal på menneske som diskuterer desse sakene. Facebook og Google kan påverke kva kandidat folk vil stemme på, basert på mengda informasjon om kandidaten dei blir utsette for.

Dersom ein til dømes søker på Hillary Clinton, kan Google vere partiske ved å framheve positive nyhende om henne. Faktisk viste Diakopoulos sine testar at Google føretrekker Demokratane, og individuelle politikarar frå dette partiet.

– 1/3 av internettrafikken kjem frå Google, 1/3 frå sosiale medium, og resten frå e-post og chat. Men heller ikkje Google har avslørt korleis algoritmane vel ut sitat frå politikarane til å bli rangert først i søkeresultatet, seier Diakopoulos.

Også fotosøk hjå Google har verknad på det politiske resultatet. Diakopoulos held no på med å forske på akkurat det.

– Vi veit at foto har stor effekt på korleis folk oppfattar kandidaten.

Kva spør me Google om? Spørsmåla finn du her! 

– Mange etiske spørsmål
Sjølv om algoritmar opnar for mange nye mogelegheiter, kan dei også bidra til å svekke tilgangen på, og å manipulere informasjon.

– Bruk av algoritmar reiser mange etiske spørsmål om sensur, brot på personvern og lovverk, diskriminering eller falske prognosar. Til dømes saksøkte den tidlegare tyske presidentfrua Bettina Wulff Google for å ha foreslått henne som prostituert i søkefeltet, fortel Diakopoulos.

For journalistikken kan slike døme skape overskrifter. Men debatten om makta til private selskap som Facebook og Google bør ikkje undergravast. Gjennom algoritmar kan dei styre heile vår kvardag.

Faktaboks

Ein algoritme er ein trinnvis prosedyre.

Døme på algoritmar kan vere ei matoppskrift eller ein prosedyre for å legge inn ein person i ringelista på telefonen. Begge deler krev ei viss rekkefølgje.

Løysinga på eit reknestykke krev ei spesiell rekkefølgje, altså nyttast ein algoritme.

Algoritmen angir dei enkelte trinna i oppgåveløysinga, samt rekkefølgja av dei med ord, matematiske symbol og/eller skjematisk framstilling

Kjelde: Matematikk.net og Store Norske Leksikon