Aldri selt meir bunadsølv enn no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sølvsmiene er det travle dagar før 17. mai.

– Belta laga av sølv eller gullforgylling, som er det dyraste du kan sette på bunaden, har vi selt 15 prosent meir av det siste året. Folk har eit behov for å vise status, og i desse nedgangstider er bunadsølv ein trygg måte å vise dette på, seier marknadssjef Kristin Myhre hos Sylvsmidja på Voss til NTB.

Les også: Slik får du ordna bunaden – enkelt!

3000 kilo sølv
Det er ei dryg veke til 17. mai – den store bunadsdagen. Hos familiebedrifta Sylvsmidja går smelteomnane for fullt. Kvart år blir 3.000 kilo sølv smelta om til spenner, søljer, kjeder, ringar, beltespenne og veskelåsar.

Dei siste åra har salet auka jamt og trutt. Berre det siste året har omsetnaden auka med 10 prosent, og fleire nye gullsmedar er tilsette.

– Før var bunadsbelta eit symbol på at du var godt gift, i dag ser vi at belta blir gitt allereie til konfirmasjonen. Kanskje er det eit behov for å vise status når du gir dottera di eit gull- eller sølvbelte. Det handlar kanskje om å vise seg fram, seier Myhre.

Les også: – Pimp bunaden din!

Bunad er blitt trendy
Prisen på eit belte varierer etter livvidde, men kan fort koste 10.000 kroner. Den auka interessa for bunadsølv blir bekrefta av Bjørklund-kjeda som har butikkar over heile landet.

– Vi har ein kraftig auke i salet av bunadssølv. Ingen tvil om at bunaden er blitt ein trendy folkedrakt også blant dei unge, seier marknadssjef Linda Brenden i Bjørklund til NTB.

Ifølgje Brenden er det hovudsakleg to grunnar til at salet har auka.

Folk er meir pengesterke og kjøper heile settet med sølv til bunaden på ein gong. Før samla ein opp over fleire år. Samtidig er bunadsølv blitt meir tilgjengeleg, det er ikkje berre dei små spesialbutikkane som sel bunadsølv lenger, seier ho til NTB.

Les også:I finstasen med norsk ull

Jobbar på spreng
Dei siste vekene før 17. mai blir det jobba nærast døgnet rundt hos Sylvsmidja på Voss, som har rundt 70 prosent av marknaden i Noreg.

– Her blir det jobba helgar og heilagdagar for å møte etterspørselen. Det pleier å vere mykje å gjere om våren, men det er ekstra mykje i år, seier Myhre.