≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Musikk, Festival, Tysnesfest

Alan Walker til Tysnesfest

Den internasjonale skal avslutta årets festival.

Ole Skaten, Bladet Tysnes
onsdag 15. februar 2017 09.48

Alan Walker til Tysnesfest Alan Walker skal avslutta konserten laurdag 15. juli på Tysnesfest. (pressefoto)

Saka var først publisert i Bladet Tysnes.

Dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage, er full av lovord etter at festivalen har sikra seg superstjerna Alan Walker til å avslutta konsertdagane på Gjerstad til sommaren.

Tysnesfest blir nemleg ein av svært få festivalar i Norge som i år får vitjing av den unge superstjerna, som er fødd i England, men som i dag er busett i Fana.

– Me har jobba lenge og hardt for å få dette til, og me er fantastisk stolte over at me no kan presentera Walker som eitt av høgdepunkta for Tysnesfest 2017, seier Vaage.

Han legg til at publikum sette enormt pris på stemninga og showet som Broiler leverte i fjor.

– Ikkje eingong bestemødre og -fedre klarte å stå i ro då, smiler han.

No set Vaage store forventningar til elektronika-kometen frå Fana som siste artist laurdagskvelden.

19-åringen har allereie gjort lynkarriere. I desember 2015 blei han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strauma nærare 600 millionar gonger på Spotify, og nesten éin millard gonger på YouTube.

Alan Walker er også kjent for store hits som «Alone», «Sing me to sleep» og «Spectre». I vinter skal han turnera i storbyar som Amsterdam, Paris, Brüssel, London, Milano og München.

Alan Walker blei booka av Tysnesfest allereie i oktober.

– Det er ei stor bør som no vert letta frå skuldrene våre når me endeleg kan lansera han som ein av headlinerane til Tysnesfest 2017, seier Vaage.


Oppdatert: torsdag 16. februar 2017 09.59
Kommentarar



 
ANNONSE: