– Aktørane sitt soleklare ansvar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste vekene har Framtida.no sett fokus på overvekta av menn i norsk musikkliv, etter at ein masterstudent ved Universitetet i Bergen fann eit overtal av mannlege artistar på P3 sine spelelister.

Meiner få vil ta ansvar
Kulturforskar ved Telemarksforsking, Heidi Stavrum, peikar på at populærmusikken historisk sett har vore mannsdominert og at kvinnelege rollemodellar har mangla.

Musikkvitar ved Universitetet i Oslo, Astrid Kvalbein, uttala at det også er ubalanse mellom menn og kvinner i klassisk musikk og at få er villige til å ta ansvar.

LES OGSÅ: – Musikklivet er påfallande mannsdominert

– Regjeringa ønsker eit fritt kulturliv
I 2012 gjekk fleire aktørar i musikklivet saman for å føreslå likestillingstiltak i bransjen. Prosjektet vart kalla Balansekunst, og kom i gong på oppmoding frå Kulturdepartementet.

Statssekretær i Kulturdepartementet, Knut Olav Åmås (H), seier regjeringa ønsker å fremje breidde med kulturpolitikken.

– Å setje av éin million kroner til likestillingsprosjekt på musikkområdet var ei prøveordning, som starta i 2013. Regjeringa ønsker å leggje til rette for og fremje ei stor breidde av stemmer og tilbod med kulturpolitikken. Politikken skal medverke til å gje menneske moglegheit til å delta i og oppleve eit mangfaldig kulturliv, skriv Åmås i ein epost.

Likevel er ikkje Balansekunst vidareført i årets budsjett for Kulturfondet.

– Regjeringa ønsker eit fritt kulturliv, utan så mange føringar som før. Vi vil ikkje bruke statlege verkemiddel på kulturfeltet til å oppnå politiske mål på andre samfunnsområde. Difor vidareførte vi ikkje prøveordninga med tilskot til likestillingsprosjekt i 2014. Dette er institusjonane og aktørane sitt soleklare ansvar, ikkje noko som skal vere sentralstyrt, seier Åmås.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Ingen konkrete likestillingsprosjekt
Ifølgje kommunikasjonsdirektør i Norsk kulturråd, Janne Stang Dahl, har Kulturrådet i dag ingen konkrete prosjekt som har som mål å betre kjønnsbalansen i norsk musikkliv.

– Sjølv om Balansekunst-ordninga er lagt ned, er det ikkje slik at ein ikkje lenger kan søke om prosjekttilskot med føremål om å fremje likestilling og betre kjønnsbalansen, understrekar Stang Dahl.

LES OGSÅ: – Gi meg éin mann som kan konkurrere med melismane mine