Aksjonerte mot Nordic Mining i Oslo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag ettermiddag aksjonerte kring 120 demonstrantar utanfor kontora til gruveselskapet Nordic Mining i Oslo, skriv Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Aksjonistane protesterer mot gruveprosjektet i Vevring, der Nordic Mining vil dumpe gruvemassen frå Engebøfjellet i Førdefjorden.

Selskapet kalla torsdag inn til ekstraordinær generalforsamling, for å auke kapitalen til å gjennomføre gruveprosjektet.

Raud Ungdom, Sosialistisk ungdom, Oslo AUF, Oslo Unge Venstre og Oslo Grøn Ungdom var også med, saman med Natur og Ungdom.

Sistnemnte har dei siste dagane mellom anna lenkja seg til anleggsmaskinene og sperra vegen opp til Engebøfjellet i bygda Vevring i Sogn og Fjordane.

Natur og Ungdom meiner gruveprosjektet ikkje er verdt å investere i, og kritiserer investorane DNB, Nordea, Skagen Vekst og Danske Bank.

–  Det er på tide at aksjonærane forstår det heile folket har forstått: å dumpe eit fjell i fjorden høyrer ikkje heime i fjordlandet Noreg, skriv nestleiar i Natur og Ungdom, Magnus Storvoll Strømseth, i pressemeldinga.

Prøveboringsprosjektet på Engebøfjellet i Naustdal var torsdag for fjerde dag på rad stagnert grunna aksjonistane. Nestleiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, tvitrar fredags morgon at aksjonistane er på plass også på dag fem.