Aksjonerte mot boring i Arktis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aksjonen var varsla til politiet, men ikkje konkret kva som skulle skje. Vindafjord lensmanskontor rykte ut med mannskap etter at Westcon bad om assistanse.

— Me såg til at dei fire aksjonistane som hadde tatt seg opp på riggen West Alpha, forsvann udramatisk frå området. Me har notert personalia og opprettar sak, så får me sjå kva som skjer vidare med dei fire, seier lensmannen i Vindafjord, Ingvar Gjærde til Grannar.

25-årsmarkering

Aksjonsdagen var ikkje tilfeldig. På 25-årsdagen for den katastrofale Exxon Valdez-ulykka i arktisk Alaska aksjonerte Greenpeace mot Exxon sin oljerigg West Alpha, som nå ligg i Ølensvåg. Bodskapen er at oljeselskapet ikkje må risikera eit nytt Exxon Valdez i Arktis.

Ifylgje ei pressemelding frå miljøorganisasjonen bestod aksjonen i at to «isbjørnar» frå Greenpeace tok seg opp på den 27 år gamle norske oljeriggen. Riggen er under klargjering for ExxonMobil, som planlegg å bora etter olje i det russiske Karahavet i Arktis.

— Me er her for å seia klart frå til Exxon at dei må halda seg unna Arktis. Me er her på vegner av meir enn fem millionar menneske som ønskjer å beskytta Arktis mot oljeboring, seier aktivisten Ethan Gilbert, som er født i Alaska.

16 aktivistar deltok i demonstrasjonen, der nokre av dei klatra opp på oljeriggen, medan dei andre markerte bodskapen frå vatnet. Bannertekstene lydde: «No Exxon Valdez in Russian Arctic».

LES SAKA I GRANNAR!